Perikom og Helge Gravvold m/band

Frontfigurane i bandene på Torshall fredag: Karstein Mauset og Helge Gravvold.

– Spent på kor det endar

Publisert Sist oppdatert

Perikom var midt i miniturnéen når dei opptrådte på Torshall fredag saman med Helge Gravvold med band. Laurdag er det ny sjanse for å høyre Perikom når dei gjestar Surnadal kulturhus.

Pause i kvardagen

– Eg er spent på kor det her endar, smiler Karstein Mauset når han grip mikrofonen i Torshall på Bolme i Rindal fredag kveld.

Mauset syng fyrste strofa: – I kveld skal eg kasta kvar sorg på sjø.

Dermed er det berre å legge frå seg kvardagens bekymringar, lene seg bakover og nyte konserten.

Flostrand og Mauset i vakker duett.

Staut gjeng

Perikom stiller med Karstein Mauset (vokal og gitar), Lisa Botterli Flostrand (vokal og perkusjon), Frode Slupphaug (kontrabass), Ronny Kjøsen (tangenter), Jo Ranheim (gitar) og Olav Nergård Tørset (slagverk).

Helge Gravvold står óg for vokal og gitarspeling mens han har med seg Kjetil Remmen på tangenter, Kjetil Høyvik som spelar trommer, og frå Kanestraum har dei med seg Ronny Bergsbakk på bass.

Ola Langli frå DreamFarm Studios styrer lyden.

Helge Gravvold med band er fire menn som skaper liv på scena.

Lett å kjenne seg att

Den til saman 2,5 timer lange konserten inneheld 27 songar kor 26 av dei er på nynorsk. (Dette føler skribenten frå Trollheimsporten fortener ein artikkel på same målform, og gjer sit beste for å få til det).

Det er variert og ulike emne i tekstane, og det er latter og tydeleg trivsel på scena mellom songane. Musikarane i begge banda har særs god dialog med publikum og gleda dei har av å vise fram musikken smittar ut i salen.

Stemninga er god, og mens songane blir framført er det heilt stilt da vi tek inn over oss dei gode tekstane med både behagelege melodiar og musikk med fart i.

Lokal musikk

Perikom framfører songar som er skrive av Jørgen Gravvold, Hans Hyldbakk, Astrid Krog Halse og Malin Ude Von Schantz (f. Svendsen). Gruppas frontfigur Karstein Mauset er flink til å skryte av alle som skriv tekster, og dei andre som gjer kvelden og songane bra og dreg spesielt fram Lisa Botterli Flostrand som er fenomenal til å syngje. At han sjølv har laga melodi til alle tekstane, blir ikkje nemnt.

Gruppa framfører både lettliva og alvorlege låter; frå naturen i Trollheimen, kjærleik, vår, badstubad på Skei, bærtur og ikkje minst myrull som dei får mykje morosamt ut av.

Flostrand syng Visdom som handler om ei jente med jordbærspannet og hennar ope barnesinn. Vokalisten fremfører stødig og viser styrke slik vi er vant til å sjå ho. Mauset føler han må hoppe etter Wirkola på neste låt, så hadde det ikkje vore for varmen frå lysa på scena, er det nyss før han hentar hoppdressen.

Mellom songane fortset forholdsvis djup reflektering rundt myrull og molter, til latter blant både musikarane og publikum.

Suksessen «Med di hand i mi» som stod sterkt på Trøndertoppen i Nea Radio i mange veker i fjor, blir framført av duetten Flostrand og Mauset som utfyller kvarandre godt som vanleg. Låtskrivaren fortel at var det eit brudepar i Tingvoll som ønskja seg denne songen til brudlaupet. Det var laga ein annan melodi til teksta, men han forstod seg ikkje heilt på melodien. Det resulterte til at han laga ein ny melodi berre dagen før den store dagen, noko som den lite sjølvskrytande låtskrivaren beskriv at blei ein «bra-nævv» melodi.

Det er ingen tvil om kva som var favoritten blant ei i salen: "Som ein kvalross på land", av Jørgen Gravvold tonesatt av Karstein Mauset. Publikumsfavoritten fortel om at livet ikkje for alle er ein dans på roser, men at det gjer oss til den vi er og at vi tross gjentakande motgang opplever mykje fint gjennom livet.

På kjente trakter

Helge Gravvold er nevøen til diktaren Jørgen Gravvold. Helge gjekk på folkehøgskulen i Surnadal i 1984/1985 og flytta til bygda året etter kor han blei buande til 1998. Fredag køyrte han frå Ørsta til Rindal for å spele konsert.

I 2013 spela Gravvold inn plata «Lagnad» som er spela inn i Øra studio. Den inneheld berre Jørgen-songar.

På fredag serverer Helge og bandet musikk der alle tekstene er skrive av Bjørn Tore Brøske. Også her –som i Perikom - er det lite sjølvskryt av at frontfiguren har laga alle låtene dei spelar for kvelden.

Helge Gravvold med band.

Brøske og Gravvold arbeider i team kor Brøske skriv tekster og sender dei til Gravvold, som igjen lagar melodiar som passar til teksten.

Tekstene til Brøske tek opp tema frå kvardagen som mange kjenner seg att i. Noko av det han skriv om er at ting tek tid og at vi ikkje alltid blir heilt ferdig, om baksnakking og nett-troll, tidsklemma, kjærleik og sjalusi, og om at vi alle er bra nok akkorat som vi er.

Dei avslutta med ein av dei fyrste låtene Brøske og Gravvold skreiv ilag, som har tittelen «Utan filter». Den har blitt spela på radio i Brasil og Argentina i fleire radioshow der. Songen «Eg elskar deg» er lagt ut på YouTube med portugisisk teksting, og saman med «Utan filter» har dei over 30.000 visningar.

Mauset er særs god på å få fram teksta i songane, og det er tydeleg han legg stor vekt på å få fram bodskapen i tekstene han har set låter til.

Det er ingen tvil om at publikum kosar seg rundt borda. På biletet over sørgjer Perikom for at oss oppmøtte - som i teksta til «Med di hand i mi» - får kvile etter dagens mas og kjenne vi er glad vi er til.

Powered by Labrador CMS