Vårsøghelga 2024

En mann som sitter og spiller flygel.
Bugge Wesseltoft

Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga

– Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal. Dette skriv Vårsøghelga i ei pressemelding.

Søndag 26. mai kl 15.00 får vi høre Bugge i den unike akustikken i Stangvik kyrkje. Bugge Wesseltoft har gjennom si juleplate «It´s Snowing on My Piano», spela seg inn i dei norske hjarter og heimar.

Bugge har etablert seg som ein av dei aller største norske musikarane vi har, med ein stor fanskare rundt omkring i heile verda. Bugge har vunne ein rekke prisar, m.a fleire Spelemannsprisar, Buddyprisen, Telenors kulturpris mm. Bugge Wesseltoft har samarbeida med artistar som Jan Garbarek, Bertine Zetlitz, Terje Rypdal, Nils Petter Molvær og Mari Boine m. fl. Her får vi altså oppleve ein levande legende live på flygelet i den fantastiske kyrkja i Stangvik.

I tillegg får vi på denne konserten høre det som er rekna for eit av landets beste og mest spennande kor for tida. Det er Nidaros Vokal, med sin dirigent og leiar Ragnar Rasmussen. Nidaros Vokal er eit ensemble beståande av songarar hovudsakleg utdanna frå NTNU Institutt for musikk i Trondheim.

ANNONSE:

Billetter i salg på Surnadal Kulturhus, og på www.Surnadal-kulturhus.no

Velkommen på Vårsøghelg 23.-26. mai 2024 i Surnadal!

Powered by Labrador CMS