ANNONSE:

Vårkonsert i Øye kyrkje

Søndag ettermiddag blir det konsert i Øye kyrkje med Nordmøre Ungdomsstorband og elevar frå kulturskolen. Ungdomsstorbandet samlar unge talent frå heile Nordmøre og dei vil stå for mykje av programmet med sin dirigent Alf Ekholm frå Kristiansund. Vi får også høyre ein elev på kyrkjeorgel, spela nykomponert musikk for unge orgelelevar. Konserten er eit samarbeid mellom kyrkja og kulturskolen. Kom og høyr dei unge spele!

Powered by Labrador CMS