To unge damer ved eit kyrkjeorgel.
Åsskard: Solveig Vik (t.h.) og Tove Kyvik førebur seg til konsert i læremeister Erlings eiga kyrkje.

Spenstig Vårsøgstafett

Vårsøget er i gang. Torsdagens orgelstafett spreidde spenstig musikk til alle krokar av Surnadal.

Publisert

Fire NTNU-studentar førte stafettpinnen frå komponist til komponist og frå kyrkje til kyrkje – start i Mo, deretter Todalen og Åsskard før sisteetappen i Øye.

Sjarmerande orgel i Mo

- Flott konsert med eit utruleg sjarmerande orgel, seier Vårsøg-general Anders Larsen etter starten i Mo. Frå det barokkprega Reil-orgelet fekk dei frammøtte servert meisterstykke av Buxtehude, Bach og Mendelssohn. - Artig å spela på dette karakteristiske orgelet, sjøl om det var litt ustemt, attesterte solist Solveig Vik.

I Todalen fekk Johannes Høyland og Patrick Pöppel utfalde sine tekniske og musikalske ferdigheter. Bach dominerte programmet - med vakre orgelkoralar og triosatsar.

To unge damer og to unge menn i ei kyrkje.
Mo: Aktørane etter første etappe i orgelstafetten: Solveig Karoline Vik (frå venstre), Tove Kyvik, Johannes Høyland og Patrick J. Pöppel.

På lærarens heimebane i Åsskard

Eg fekk gleda av å høre Solveig Vik og Tove Kyvik i Åsskard kyrkje - eit steinkast unna barndomsheimen til deira læremeister Erling With Aasgård. Som elev av kantor Gunnar Vik utvikla Erling seg, mykje i denne kyrkja, til ein av landets beste orgelutøvarar og lærarar.

På orgelet «hans» utfalda Solveig og Tove seg på overbevisande måte - også dei med Bach på notebrettet. - Utruleg kor mykje flott musikk Bach har skapt, sa Tove Kyvik før ho let fingrar og føter danse seg gjennom «Toccata, Adagio og Fuge».

Let applausen kvile

Solveig formidla den svære «Fantasi og Fuge i g-moll» og «Schmücke dich, o liebe Seele» - også av Bach. Om denne orgelkoralen var det visst Robert Schumann uttala at om ondskapen i verda tek frå oss all kristentru, vil dette Bach-stykket gi oss den tilbake! Ei gripen forsamling let applausen kvile etter denne opplevinga.

Dei frammøtte i Åsskard ønska studentane lykke til med kantoreksamen om nokre dagar. Generalprøven lovar godt!

Finale – og bekymring

Dei fire avslutta stafetten i Øye kyrkje torsdag ettermiddag - med to orgelsonater av Mendelssohn (A-dur og c-moll) forutan Bach i all si prakt: «Fantasi og Fuge i g-moll», «Toccata, Adagio og Fuge i C-dur» og sluttsatsen frå «Triosonate i G-dur».

Etter slike spenstige prestasjonar er det vanskeleg å begripe at NTNU vil legge ned kyrkjemusikkstudiet med fare for utarming av eit stort kulturfelt.

Men det er gledeleg at Vårsøghelga viser vilje til å spreie god musikk også til utkantbygdene.

Pipene på eit kyrkjeorgel.
Konsertserien var avrunda på Marcussen-orgelet i Øye kyrkje.
Powered by Labrador CMS