ANNONSE: Romjulskino:

Surnadal kino med tilbod fire dagar i romjula – to filmar kvar dag

Kulturhuset og kinoen er ope på dagtid måndag til torsdag i romjula, og da blir det vist to filmar kvar dag: ein familiefilm og så den nyaste Matrix-filmen.

For å ta det siste først: det blir premiere på «The Matrix Ressurrections» i romjula, og kinoen vil altså vise filmen fire dagar etter kvarandre – og til same tid: kl. 14. Klassikaren «The Matrix» kom for over tjue år sia, men Neo (Keanu Reeves) og Trinity (Carrie-Anne Moss) har grunnform nok inne til å gå laus med nye basketak – i den verkelege verda, eller den vi innbiller oss er verkeleg. Og kanskje er filmane enno meir aktuelle no, sia maktpersonar har vorte langt meir utspekulerte i bruk av sosiale media og internettet for å påverke oss om kva som er sant og usant?

Før «Matrix», kl. 12 kvar dag, går anten «Tre nøtter til Askepott» (jau, det ser ikkje ut til at folk får nok av den) eller animasjonsfilmen «Snødronningen».

«Snødronningen» er basert på eit eventyr av H. C. Andersen. Den onde snødronninga sender nordavinden over verdas siste trollmann for å fange han, og det gjer også at familien til trollmannen kjem frå kvarandre. Dottera, Gerda, får hjelp frå eit troll da ho skal få faren fri og familien samla igjen. «Snødronningen» er ei stor norsk filmsatsing som vil bli følgt opp av nye filmar.

Begge familiefilmane har aldersgrense 6 år, medan Matrix-filmen opererer med 15-års-grense. Heile programmet finn du på www.surnadal-kulturhus.no.

Og ein må føye til at dei nasjonale smittevernkrava fører til at det blir selt maksimalt femti billettar til kvar framsyning. Det er krav om bruk av munnbind om avstanden til dei utafor eigen «kohort» er mindre enn ein meter. Men om kvar «kohort» kjøper billett på nett kvar for seg, blir dette ordna automatisk i billettsystemet vårt. Og sjølvsagt: er du småsjuk (eller storsjuk, for den del), skal du ikkje møte opp på offentlege arrangement.

Powered by Labrador CMS