ANNONSE:

Krigsseileren

Krigsseileren og Casablanca

To filmar frå 2. verdskrig dominerer kinolerretet i neste veke.

Norske «Krigsseileren» har allereie vore vist nokre gongar, men det sig inn jamt med folk som vil sjå landets mest påkosta film. Filmen vil difor bli vist både på dagtid tysdag og torsdag, i tillegg til på kveld.

I «Krigsseileren» har sjøfolka fått ei slags oppreising på kinolerretet, etter at dei fleste filmane frå verdskrigen heller har vore mest fokusert på andre slagmarker. Filmen vart plukka ut til å bli «vår» oscarkandidat for den komande utdelinga.

Kringsseileren

Elles vil kinoen også vise den norsk barnefilmen «Helt super». Etter kva kritikarane skriv, er tittelen rettleiande nok for innhaldet: «Gøyalt høyt nivå», skriv Dagsavisen.

Helt super
Helt super

Den siste kinofilmen på plakaten, så langt, er thrilleren «Don’t Worry Darling» med Florence Pugh og Harry Styles.

Han brukte ikkje akkurat dei orda, Humphrey Bogart, men ville uansett ikkje engste Ingrid Bergman i «Casablanca». Seniorfilmklubben sett opp denne klassikaren onsdag 5. oktober kl. 12.

Seniorfilmklubben er eit samarbeid mellom kulturhuset, senioruniversitetet og pensjonistlaget. Men absolutt alle, over ungdomsskulealder, kan bli medlemmar. Alle som teiknar medlemskap (kr 70), får gå gratis på første filmklubbfilm.

Seniorfilmklubben skal gi eit variert tilbod av gammal og ny film, og denne gongen fall altså valet på «Casablanca» – som sikkert ingen av medlemmene har sett på så stort lerret nokongong.

Powered by Labrador CMS