Surnadal kommune melder

Ei badestrand.
Kalkstranda.

Dårleg badevasskvalitet på Kalkstranda, Søysetøran og Todalen småbåthamn

Styrtregnet måndag morgon har truleg påverka nokre av badestrendene våre i negativ grad. Den siste prøvetakinga viser dårleg vasskvalitet ved Kalkstranda, Søysetøran og Todalen småbåthamn.

Surnadal kommune fråråder bading på Kalkstranda, Søysetøran og Todalen småbåthamn inntil vidare.

Prøvane gir eit der og da bilete av vasskvaliteten. Forholda kan raskt endre seg, men her bør vi ikkje bade før nye prøvar viser at vasskvaliteten er friskmeldt, melder Miljøretta helsevern. 

Vasskvalitet for friluftsbad blir i hovudsak vurdert ut i frå innhaldet av tarmbakteriar (termotolerante koliforme bakterier – TKB) og intestinale enterokokker (E)). 

Dette er bakteriar som er teikn på avføring fra menneske eller pattedyr. I dei europeiske normene (2006) blir den bakteriologiske vasskvaliteten vurdert og delt i tre tilstandsklassar: Grøn (utmerket), gul (god) og raud (dårleg). 

Det er særleg småbarn og personar med nedsett immunforsvar som kan bli sjuke av å få i seg vatn med høge forekomstar av slike bakterier.

Les heile saka på Surnadal kommune sine nettsider.

Powered by Labrador CMS