Nytt frå Fonna forlag:

Ugangskråka Larris har fått sitt eige julehefte

Fonna forlag gjev ut tre julehefte i år. Det er Ingeniør Knut Berg, Vangsgutane og Larris. Ungangskråka Larris frå Vangsgutane tok etter kvart så stor plass at han måtte sleppast fri, for å få luft under vengene, skriv forlaget i ei pressemelding.

Publisert

Det nye juleheftet om Larris er skrive og teikna av Knut-Anders Løken. I denne forteljinga vert Larris påkøyrd av Hallstein Breiset. To bankranarar og grisetjuvar uroar også førjulsstemninga. Fire eldre forteljingar er tekne med i heftet, og knyter band tilbake til opphavet.

Årets utgåve av Vangsgutane er skrive av Ole-Mikal Nilsen. Ivan Andreassen er teiknar. Larris har sjølsagt ein sentral plass i forteljinga her og. Gjenferd fins ikkje, eller..? Larris skryt av at han har vore i eit gamalt sommarfjøs der det er attgangarar. Vangsgutane vil ikkje vere mindre karar... Som vanleg er to eldre forteljingar tekne med, i år er desse frå 1955.

Med heftet i fjor var alle dei gamle Ingeniør Knut Berg-hefta prenta oppatt. Sluttstrek vart sett, men protestane kom på løpande band. Difor eit ekstranummer. I år reiser ingeniøren reiser ut i verdsrommet.

Powered by Labrador CMS