korps spiller i kirke
Surnadal Hornmusikk.

Song og spelte jula inn i Øye kyrkje 

Den fullsatte kyrkja fekk ein innholdsrik og tradisjonell julekonsert tredje søndag i advent. 

Publisert Sist oppdatert

Det var trangt om plassen i kyrkja søndag kveld ei veke før jul. Julekonserten som eigentleg skulle vere i Ranes kyrkje blei flytta i siste liten, og dermed blei Øye kyrkje fylt opp med surnadalingar i alle aldrar. 

Surnadal Hornmusikk satt klar i det konserten starta. Dei spelte fire songar. "Mary, did you know", "Sacret Night", "Reminiscences" og "Walking in the Air". Den siste hadde eit vakkert fløytespel av Christian Madaus.

Surnadal Skolekorps fulgte etter hornmusikken og spelte fem julelåter: "Rudolf the Red Nosed Reindeer", "Deilig er den himmel blå", "Tenn lys", "Glade jul" og "Jingle Bells". Dei fekk også selskap av drillpikene, som ga publikum eit show i kyrkjegangen.

orkester spiller i kirke
Surnadal Hornmusikk starta konserten og sette stemninga i kyrkja.
mann spiller fløyte i kirka
Nydeleg fløytespel til songen "Walking in the Air" av Christian Madaus med resten av hornmusikken i ryggen.
skolekorps spiller i kirka
Surnadal Skolekorps skapte julestemning med kjende julesonger som "Glade jul" og "Jingle Bells".
tre jenter med drillstav i midtgangen i kirka
Drillpikene frå Surnadal skolekorps underholdte til musikk frå korpset.

Nina Røen spelte postludium nr. 3 på kyrkjeorgel, og så vart det allsong på to salmer, "Det hev ei rose sprunge" og "Å, kom nå med lovsang".

Johanne Holten og Ida Mo speler ofte saman, og denne gongen spelte dei tre julesonger: "Jula Hjemme", "Jul i Dønnem bedehus" og "White Highway."

to jenter synger og spiller piano i kirka
Nydeleg julemusikk frå Ida Mo og Johanne Holten.
to jenter tar i mot applaus i kirka
Ida Mo og Johanne Holten har blitt ein kjend duo i musikkmiljøet i Surnadal.
dame synger og mann spiller piano i kirke
Duoen White Rose song både engelsk og norsk julemusikk.
dame og mann i kirke
Carla van Buggenum og Liubomir Hans Alexandrov.

Neste ut var duoen White Rose, som består av Carla van Buggenum og Liubomir Hans Alexandrov. Dei song "Christmas Lullaby", "En Stjerne Skinner i Natt" og "The Christmas Song".

Til slutt var det Tordenskjold Songlag sin tur, dirigert av Elin Persson song dei "Star of Betlehem", "Kling no klokka", "Solbarn, jordbarn" og "Nordnorsk Julesalme."

Heile julekonserten blei avslutta med at alle i kyrkja reiste seg og song "Deilig er Jorden". Per Ivar Østbø leia oss gjennom konserten og las blant anna eit utdrag frå Ole Paus si bok "Fortellingen om Josef". Konserten var gratis, men alle som ville gje ei gove til nytt flygel i Øye kyrkje kunne gjere det via vipps. Det blei ein flott konsert som ga fullt med julestemning og glede kun ei veke før julaften! 

mann snakker i kirke
Per Ivar Østbø leia oss gjennom konserten. Han las blant anna eit utdrag frå boka "Fortellingen om Josef" av Ole Paus.
kvinne spiller piano i kirka
Elin Persson briljerte både på piano og som dirigent.
dirigent foran kor i kirka
Elin Persson dirigerte Tordenskjold Songlag.
kor i kirke
Tordenskjold Songlag avslutta konserten med nydeleg korsong.
Powered by Labrador CMS