Trollheimsmessa 2023

Monica framfor utstillinga si
Monica framfor utstillinga si. Benkar frå vevstol fremst til venstre

Folksomt på Trollheimsmessa

Det strømma folk til Rindalshuset denne lørdagen for å sjå kva dei over 50 utstillarane hadde å by på under Trollheimsmessa som Opplev Rindal arrangerte.

Publisert Sist oppdatert
Nokså fullt av folk i Rindalshuset
Mykje folk hadde funne vegen til Rindalshuset og Trollheimsmessa!

Salen i Rindalshuset var full av folk som gjekk rundt og studerte resultata til mange kreative utstillarar. Mange julegaver var sikkert innkjøpt. Andre sikra seg ny pynt, gjerne julepynt, og like gjerne redesigna saker av fantasifullt opphav, for det var det fleire av.

oversikt over salen
Straks innom døra ser vi at det er mykje folk i salen, og 3venner freistar med matbord til høgre.

Kaféen 3venner hadde flytta salget sitt til Rindalshuset, og kaffeborda var fullsette store deler av tida av folk som kvilte beina og styrka kroppen med kaffemat og prat.

Utstillinga til Monicas Kreative Sprell
Utstillinga til Monicas Kreative Sprell var godt synleg med lysande stjerne og hjerte

Monicas Kreative Sprell frå Vinjeøra hadde brukt mange timar på ei svært kreativ utstilling. Den bar sterkt preg av jul, og gjenbruk var i sentrum både i sjølve veggene og i gjenstandane, men lysande ledlys viste at Monica følgde med tida.

lysande veggpynt, hjerter og stjerner
Monica med lysande veggpynt
dele av Monicas Kreative Sprell
Kreativt, ikkje sant?

På bilda vil du kanskje sjå svært mange produkt laga av ulike deler av gamle vevstolar. Stikk du innom på søndag, så kan du jakte på vevstoldeler hos Monicas stand. Kanskje du får hjelp til namn på dei ulike delene av ein vevstol også. Mange vevstolar er stua vekk i gamle hus og låvar, ja, til og med brent! Monica meinte det var betre å gje dei nytt liv i anna form. Døm sjølv!

Monicas kreative sprell
Per Arne prøver huve på standen til Marte Helgetun
Per Arne Løset prøver ei fin huve frå Design by Marte Helgetun. Gammelhuva hadde krympa i vask!
Marte hadde med seg stort utvalg av garn og strikkevarer.
Viser fram sølvsmykke
Oddrun Redesign ved Oddrun Alstad frå Skatval/Trondheim starta å jobbe med gjenbruk av gammalt sølv da ho vart pensjonist. Ho viste fram rimelege sølvsmykke til Berit Halgunset som sjølv jobbar hos NMS Gjenbruk i Trondheim, men har røter i Rindal.
prøving av sølvarmband
Berit prøver fint armband
sølvringar av gamle sølvskeier
"Nye" sølvringar
Åse med rekvisitter frå iTrollheimen
Sjølvsagt var iTrollheimen på Trollheimsmessa!
Hege Sæterbø Andersen med nokre av varene sine
Hege Sæterbø Andersen frå Surnadal viser her mellom anna kopper, flasker og bærenett frå firmaet sitt Go'klompen. Ho tilbyr trykte motiv etter valg frå kunden.
overblikk over salen
loddselgarar
Elise Bakken (t.v.), Maja Lervik Fiske og Klara Fosseide Bjørnås betjente loddsalget. Dei satt ikkje ute! Bakgrunnsbildet er gjenbruk av bildekulisse frå boligmessa i Trondheim som Rindal kommune deltok i nettopp.
gevinstar til utlodning
Utstillarane hadde gjeve mange flotte premiar til utlodninga!

Arrangøren Opplev Rindal arrangerer utlodninga der utstillarar har gjeve gevinstane. Trekning søndag klokka 16.00.

Sjå fleire bilde frå utstillinga her!

Rindalsmessa er open søndag frå klokka 12.00 til 17.00.

overblikk over salen
Kafé-delen
Powered by Labrador CMS