Ei oppslått bok

Lokal kultur og historie frå Todalen

Todalen historielag er ute med nytt årsskrift som er kome i handelen. Som vanleg har historielaget klart å samle over 80 sider med god og variert lokalhistorie mellom dei to permane.

Publisert

Dordi Jorunn Halle har vore leiar for det lokale skriftstyret og har gjennom fleire skribentar fått til eit interessant utval av artiklar i heftet. Her er det portrettartiklar av kunstnaren Dorothea Follestad, industri gründeren Erling Talgø og sydama Ingeborg Gjeldnes - i tillegg til ein interessant artikkel om «buktaslekta».

Ei dame
Dordi Jorun Halle

I tillegg er det både nytt og gammalt frå Todalen kome med i heftet, som er nr 22 i rekkja av årsskrift frå Todalen historielag. Leiar i Todalen historielag, John Moe, seier at årets utgåve kanskje er det beste laget har gjeve ut så langt.

Heftet er lagt ut for sal hos Matkroken Todalen og hos bokhandelen i Surnadal – i tillegg kan det kjøpast hos styret i historielaget.

Powered by Labrador CMS