Kulturvøkku
Redda av fotballen
Henrik Aasbø vart presentert som ein attraksjon som trakk folk da ledaren i Rindal Pensjonistlag, Halvard Kjelås, ønska velkommen til Åpen Dag under Kulturvøkku. Eldresenteret var fullt av forventningsfulle pensjonistar.
– Mykje fager ungdom i Rindala sjøl om e fløtta ut, innleidde dagens gjest, Henrik Aasbø med, og dermed hadde han kontakt. Deretter hadde han god kontakt med publikum i to økter, både før og etter kaffepausen.
Henrik Aasbø kunne fortelle at han var fødd på den gamle fødestua i området der vi var. Han voks opp neri Bjergen og i Sagagrenda og bar namnet Henne, og det går han for i dag også.
Fotball og vepp jeppe fylte fritida. Dei hadde til og med innadørs fotballbane på andre etasje i høvleriet nede på Saga. Henne beskreiv seg sjølv som ein pirkåt perfeksjonist, noko som gjorde at han kunne ryke uklar med dei andre i sandkassa. Dei løfta trebilane sine når dei skulle snu dei! Henne ville at dei skulle rygge og snu dei ordentleg slik som alle sjåførar må.
Elles beskreiv han seg som ein beskjeden gut. Rakk aldri opp handa og svara på spørsmål i skuletimen. På fotballbanen var han derimot trygg og hadde sjølvtillit.
Andre hobbyar var sykkelturar og samling av bilnummer, gjerne i kombinasjon. Det var han ikkje aleine om på den tida.
Så kom det engelske fotballblad til landet! Dei var ikkje til salgs i Rindal. Han måtte til Trondheim eller Løkken for å få tak i slike. Da abonnerte han på blad på Løkken og sykla dit og henta dei ein gong i månaden.
Salg av fotballbilde vart Big Business for det var mange samlarar. Heile veggene og taket på rommet hans heime var tapetsert med bilde av fotballheltar.
Det vart sjølvsagt spela fotball i alle friminutt på skulå, klasse mot klasse. Rolf Ole Kvernberg var lengst og best (193 cm i dag). Han vart kjøpt opp etter "kronerulling"av klassane etter tur. Henne presiserte no som da at han var tre dagar eldre enn Rolf Ole (som satt bakerst i salen).
Som tidlegare nemnt var Henne ein beskjeden gut, men innafor dei kvite kalklinene på fotballbanen var han sjef. Der hadde han kontrollen, men han eksploderte også!. Han var ikkje alltid enig med dei andre og med dommarane.
– Det vart litt kjefting, innrømte han, både gule og raude kort måtte han tole.
Første utflyttinga frå Rindal var i 1974, og han budde sist her i 1979.
Han tok examen artium i Trondheim og eit år på Trøndertun. Det vart litt studering og litt fotball i Trondheim også, men der var det gamle stjerner og ikkje trenaren som bestemte.
Så havna han eit par år på Landsem Skifabrikk. Da spela han på Troll. Seinare spela han på Surnadal med Harald Solvik som trenar.
Det var på den tida han vart pressemann, først i Indre Nordmør med Hennes corner, som utvikla seg til å bli heilside, og etter kvart vart han både fotballreporter og journalist.
Han opplevde også å vere trenar for både herre- og damelaget til Surnadal IL, og trur han er den einaste som har vorte oppsagt som trenar for begge laga. Dette vart ikkje krise for han, for han hadde nok å gjere, men saka rundt avslutninga med damelaget sitt i han enda.
Henne ville ut i verda. Det vart Interrail med åtte land første sommaren. Så falt han for England. Pub og natur vart store opplevingar, Manchester og Old Trafford like eins. Han og reisekompisen fekk nærkontakt med spelarane på treningsbana til Manchester United.
Pressekarrieren hans heldt fram i Romsdalsposten, og seinare i Nordmørsposten i Kristiansund og Tidens Krav før han enda opp i bladet Friidrett. Det førte han til opplevingar og oppdrag rundt mesta heile jorda. Friidrett var månadsblad, så han slapp å sette seg ned og skrive artikkelen straks etter konkurransane. Høgdepunktet vart Kilimanjaro!
Siste kapitlet vi fekk høre om frå Henne sitt liv var om maraton. Der er han fremdeles igang. Han har eitt gear, sakte, men det held ut lenge. No har han lagt bak seg 214 maratonløp.
Han reiser verda rundt og spring maraton.
Av andre liknande utfordringar han har teke er Hadrians mur, tvers over England og turstigen Thamsen på langs, 298 km. Ei rundløype rundt London står for tur, 242 km.
Henne har journalført alle pubane han har besøkt i London, og har kome til 347 av visstnok rundt 3500 totalt. Mange av pubane har si eiga historie som han også har prøvd å grave i. Den eldste var visst frå 1602 og starta av nederlendarar.
Puben Tapping the Amiral har for eksempel namnet sitt etter admiral Nelson som visstnok skal ha vore der i lag med ein onkel før han han mista livet under slaget ved Trafalgar. Han vart frakta med tilbake til Enland i ei tønne fylt med sprit for konservering. Sjøfolka oppdaga det og laga hol på tønna og tapp ut sprit.
Dersom Henne, Henrik Aasbø, skal på eit maratonløp seinhaustes kan ha halde varmen med strikkavottar med rindalsmønster som han fekk av Hallvard Kjelås etter forestillinga.
.