ANNONSE:

Bok om folketonar fra Nordmøre står oppå to liggende eksemplarer.

Boklansering om folketonesamlaren Kristian Halse

Rannveig Eikrem har  boklansering og konsertforedrag om Kristian Halse i Skulstuå i Todalen, søndag 13.september kl.13.00. 

Kristian Halse frå Halsa/Todalen(1858–1939) var lærar og kyrkjesongar, og fekk statsstipend for å samle inn folketonar på starten av 1900-talet. Dette utgjer den førstestore innsamlinga av folketonar på Nordmøre. Han var nysgjerrig og grundig i si tilnærming til kjeldene sine, og samla inn over 240 melodiar – der mykje av dette materialet elles ville ha gått tapt.

Etter å ha ligge i mange tiår i ei skuff i arkivet, kjem samlinga etter Kristian endeleg ut. Rannveig Eikrem har skrive boka om Halse og folketonane. Boka er basert på hennarmasteroppgåve i musikkvitenskap frå 2008. No er all musikken transkribert og digitalisertog i denne boka blir samlinga av folketonar gjort tilgjengeleg for alle interesserte. 

Rannveig Eikrem har skrive boka om Halse og folketonane.

Denne dagen får vi eit konsertføredrag, der vi får høyre Eikrem fortelje om Halse og tonane, og om arbeidet med boka. Vi får også høyre eit utval av songane. Rannveig Eikrem er musikkviter frå NTNU med serleg fokus på vokal folkemusikk ogreligiøse folketonar. Ho har dirigert kor i over 20 år og brukt mykje lokalt folkemusikkstoffpå vegen.

Sagt om boka:

“Boka er langt meir enn ei notesamling; den gir brilliant innføring i ein musikkstil som går langt ut over dur og moll, taktfaste rytmer og interessante tekster. Eikrem gir glimt av unik kulturforståing og åndsliv hos dei vi er etterkomarar av.”
Trollheimsporten 18.08.2026.

Kristian Halse var lærar i Todalen i over 20 år, på byrjinga av 1900-talet. Han budde med familien i Skulstuå og som både lærar og klokkar setta han tydeleg spor i både skulen, kyrkja og kulturlivet.  

Det blir og høve til å få kjøpt kaffi/te og noko godt å eta. 

Alle er velkomne!

Powered by Labrador CMS