Formannskapsmøte i Surnadal

Positivt netto driftsresultat – men meirforbruk på einingane

Tysdag var det formannskapsmøte i Surnadal. Formannskapet fekk orienteringar frå Statsforvaltaren og frå Svorka, og fekk lagt fram tertialrapporten for andre kvartal. Formannskapet tildelte midlar til vinterlys og behandla saka om eigarbidrag til Surnadal Alpinsenter for neste år.

Publisert

Sjå saksliste og saksdokument til møtet på Surnadal kommune si heimeside.

Tett oppfølging frå Statsforvaltaren

Seniorrådgjevar Maria Laingen og spesialrådgjevar Helge Mogstad og frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal var på plass for å gje formannskapet ei orientering om oppfølginga med ROBEK. Statsforvaltaren har tett oppfølging av kommunane som er på ROBEK, og Maria Laingen har ROBEK-oppfølginga med Surnadal. Ho understreka at det er viktig å halde innbyggarane oppdatert undervegs i prosessen. Ho minna også om at Surnadal har høgare kostnadar enn både landssnittet og fylkessnittet når det gjeld barnehage, skule og helse og omsorg. Laingen sa at Surnadal kom seg fort gjennom den såkalla «famlande» fasen, og no er inne i ei fase der ein tar tak og gjennomfører endringar.

Auka inntekter på konsesjonskraft

Lars Hol Moholdt frå Svorka orienterte formannskapet om konsesjonskraft. Han nemde mellom anna at akkurat no er det vêret og Trump som styrer strømprisen, og at begge desse faktorane er ganske uforutsigbare.

Moholdt sa at Midt-Norge kanskje er det området der det er mest krevjande å lage prognoser for utvikling i strømprisen. Han påpeika mellom anna at Midt-Norge er et underskuddsområde når det gjelder strømproduksjon, og slik vil det vere i framtida og.

Konsesjonskrafta til Surnadal kommune er prissikra for å gi forutsigbare innteker, men dei høge strømprisane gjer likevel at det blir litt meir inntekter til kommunen enn budsjettert. Akkurat nok ser det ut for at konsesjonskraftinntektene til kommunen kan bli nokre millionar kroner høgare i 2027 enn i 2026.Så langt har kommunen prissikra 77 prosent av konsesjonskrafta i 2027.

Positivt netto driftsresultat pr andre tertial

Økonomisjef Vibeke Langli la fram tertialrapporten for andre tertial. Tertialrapporten viser eit positivt netto driftsresultat på 1.708.000 kroner. Dette er 573.000 kroner lågare enn budsjettert.

Det er eit samla meirforbruk i einingane på 3.790.000 kroner. Den eininga som har størst meirforbruk er SUBUS. Det er også betydeleg meirforbruk på teknisk drift. Nokre einingar har mindreforbruk.

Årsprognosen for 2026 er no om lag som budsjettet. Slik det ser ut no kan det ende med eit meirforbruk på einingane på 3,3 millionar kroner. Kommunen får auka inntekter på sal av konsesjonskraft, og lågare pensjonskostnadar enn det som var budsjettert. Økonomisjefen opplyste også at det er endringar i fleire sentrale inntekter og kostnader.

Kommunedirektøren gjer ikkje budsjettregulering på drift pr andre tertial. Dette er eit signal til dei einingane som har meirforbruk, om at det framleis er forventa at einingane jobbar med å halde seg til budsjettet, så godt det er mogleg.

Ole Joar Karlstad Bruset (H) tok ordet og nemnde mellom anna at språkdeling på SUBUS er kostnadskrevjande. Han meiner at kommunen ikkje lenger skal tilbod om spåkdeling i ungdomsskulen, med mindre nokon faktisk krev det. Han meiner det skal settast ein søknadsfrist, og dersom det kjem søknader frå minst ti elevar som krev språkdeling, så må ein sjå på det. Dersom det ikkje kjem slike søknader innan fristen, så blir det ikkje språkdeling på det aktuelle kullet. Dersom ein må ha språkdeling så meiner Bruset at kommunen må passe på å søke om skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren, for å dekke kostnadane med ein ekstra klasse.

Formannskapet tok tertialrapporten til orientering, og saka går vidare til kommunestyret.

Støtte til vinterlys

Formannskapet vedtok å løyve 150.000 kroner til Surnadal Næringsforening og prosjektet «Vinterlys i Surnadal», som ei delfinansiering av prosjektet i 2026. Beløpet blir belasta næringsfondet med bakgrunn i dokumenterte kostnader. Her vart det diskusjon i formannskapet, og det endte med eit knapt fleirtal for kommunedirektøren si innstilling med 5 mot 4 stemmer.

Fleirtalet vil støtte Surnadal alpinsenter

Kommunedirektøren hadde innstilt på at Surnadal kommune løyver kr. 2.500.000,- som eigarbidrag til Surnadal Alpinsenter AS i 2027. Løyvinga blir finansiert ved bruk av næringsfondet i 2027. Også i denne saka vart det diskusjon. Ein representant vart kjent inhabil, to stemte mot forslaget og seks stemte for. Saka går vidare til kommunestyret.

Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS