En kvinnelig biskop leser opp fra bibelen i kirka
Biskop Ingeborg Midttømme leier gudstenesta i Svinvik Arboret søndag.

Utegudsteneste med biskopen

Publisert

Svinvik Arboret er arena for søndagens gudsteneste i Surnadal. Biskop Ingeborg Midttømme er liturg og predikant.

Todalen sokn arrangerer friluftsgudstenesta. Eit barn blir døypt, og ei lita korgruppe leier allsongen - med Himmelske Fader, Vår Gud han er så fast ei borg og andre kjende salmar. Koret framfører også melodiar frå Stangvik og Todalen som inngang og avslutning.

Sverre Hatle og Randi Bøe er medliturgar. Tekstene denne gong bed oss stole på Gud og ikkje sette vår lit til det materielle.

Den botaniske hagen i Svinvika, med sin sjeldne og sydlandske vegetasjon, dannar ei flott ramme om gudstenesta. På våre kantar kjem ein i så måte neppe nærare Edens hage!

Et gult hus med benker og bord utenfor i en grønn hage med masse planter
Hagen i Svinvika er arena for søndagens gudsteneste i Surnadal.
Powered by Labrador CMS