Kyrkjebok: Fem nye bokeigarar i Stangvik saman med sokneprest Torbjørn Brøske, truspedagog Elsa Jensvold og soknerådsmedlem Berit Anne Røkkum.
Kyrkjebok: Fem nye bokeigarar i Stangvik saman med sokneprest Torbjørn Brøske, truspedagog Elsa Jensvold og soknerådsmedlem Berit Anne Røkkum.

Ungdommeleg i kyrkja

Publisert

Det var ungt preg over søndagens gudstenester i Todalen og Stangvik kyrkjer.

Rett nok var oppmøtet begge stader påverka av at aktiviteter for barn somtid kan kollidere. Men 4H prega hausttakkefesten i Todalen, og 4- og 6-åringar var sentrale aktørar i Stangvik.

Hausttakkefest: Martine (t.v.) og Lisa frå Start 4H fortel sokneprest Brøske og forsamlinga i Todalen kyrkje om arbeidet i laget sitt.
Hausttakkefest: Martine (t.v.) og Lisa frå Start 4H fortel sokneprest Brøske og forsamlinga i Todalen kyrkje om arbeidet i laget sitt.

4H-gruppa «Start» pynta Todalskyrkja med frukt og grønt – til og med sjøldyrka mais! To jenter fortalte kyrkjelyden om arbeidet i gruppa si.

I Stangvik blir det hausttakkefest om to veker. Her var det denne gong utdeling 4- og 6-årsbok og både andakt og bevegelsessongar knytt til dette.

Markens grøde: Todalskyrkja var enkelt og lekkert pynta til hausttakkefesten – også med maisplantar (til høgre).
Markens grøde: Todalskyrkja var enkelt og lekkert pynta til hausttakkefesten – også med maisplantar (til høgre).
Songleik: «Eg er trygg hos deg» som bevegelsessong i Stangvik-kyrkja. Elsa Jensvold (t.v.), Torbjørn Brøske (delvis skjult) og Berit Anne Røkkum saman med dei yngste.
Songleik: «Eg er trygg hos deg» som bevegelsessong i Stangvik-kyrkja. Elsa Jensvold (t.v.), Torbjørn Brøske (delvis skjult) og Berit Anne Røkkum saman med dei yngste.

Trusopplærar Elsa Jensvold samarbeidde med fungerande sokneprest Torbjørn Brøske om liturgi og forkynning på begge desse samlingane. Som preike fortalte ho og illustrerte bibelforteljinga om korleis Jesus tok - og tek - imot små og store, sjøl når somme «kloke» ikkje tykkjer at det passar seg.

Mange aktørar, som denne dagen, skaper livlege gudstenester. Reknar vi med 4H-jentene i Todalen og dei yngste som hjelpte Elsa med flanellografen i Stangvik, var det til saman rundt tjue bidragsytarar med – attåt dei i kyrkjebenkene.

Det er trusopplæringa, med bokutdeling, kyrkjekveldar og andre tiltak som opnar for ungdommeleg aktivitet slik som denne helga.

Korsberar Elsa Jensvold fremst under utgangen i Todalskyrkja.
Korsberar Elsa Jensvold fremst under utgangen i Todalskyrkja.

Måndag er det Barnas Kyrkjekveld i Åsskard – med oppfølgjing på neste søndags gudsteneste.

Powered by Labrador CMS