Damekoret Credo, forsterka med mannsstemmer, deltok med korsong, og dei forsterka salmesongen!

Pinsedag med festgudsteneste og kyrkjebåt

Første pinsedag er det tradisjon for felles festgudsteneste for kyrkjelydane i Rindal, Surnadal og Stangvik i Stangvik kyrkje. Slik var det også i dag med både dåp, nattverd og korsong.

Publisert Sist oppdatert
Stangvik kyrkje.
Lene Gåsvatn heldt preika.

Lene Gåsvatn, sokneprest i Rindal, heldt preika. Ho delte gudstenesta med vikarprest i Stangvik, Cathrine Grutle, som hadde siste gudstenesta si her denne dagen. Per Arne Hyldbakk gav henne gode ord og blomster som takk for tenesta.

Salmesongen var forsterka og skapte ekstra feststemning med at koret støtta salmesongen med fleirstemt song, og at organist Oddveig Helset hadde støtte av Tove Elin Strand på fløyte.

Elles deltok folk frå alle kyrkjelydane med liturgiske tenester under gudstenesta.

Kyrkjebåten frå Hamnes kom vel i hamn.
Det blide båtmannskapet fekk seg ein kaffetår før gudstenesta.

Tradisjon er det også at nokon kjem sjøvegen til Stangvikkyrkja denne dagen, som i gamle dagar. I år var det ein kyrkjebåt frå Hamnes.

Nydøpte Vemund med foreldre og dåpsfølgje.
Heimturen til roarane vart dryg i motvinden.
Powered by Labrador CMS