konfirmanter ved alteret
2023-konfirmantane samla – her i Stangvik kyrkje.

Konfirmantane inviterer til messe

Gudsteneste på ein tysdag? Ja - 18. april skaper konfirmantane ein kveld for alle i Åsskard-kyrkja.

Publisert Sist oppdatert

Prest Torbjørn Brøske har i vinter stort sett undervist 15-åringane i deira eigne kyrkjer, Åsskard og skiftesvis Stangvik eller Todalen.

Saman med han har konfirmantane i dei tre sokna øvd inn «Sju akter frå Jesu liv». Med sceneprega framføring av sentrale bibeltekster er dei hovudaktørar i tysdagens såkalla samtalegudsteneste.

fire gutter sitter på kirkebenken og presten sår foran
Torbjørn prest og nokre av aktørane under øving.

«Sju akter frå Jesu liv»

Tidlegare, gjerne kalla «overhøring», var dette nesten ein eksamen i kristenlæra bak konfirmasjonen. I dag er «høringa» erstatta av innleving og praktisk kyrkjedeltaking - m.a. i gudstenester som denne.

I dei sju bolkane treffer vi Jesus m.a. som 12-åring i tempelet, i møtet med Sakkeus og under det siste måltidet skjærtorsdag kveld. Utvalget viser sentrale ledd i konfirmantopplæringa.

Gudsteneste for alle

I tillegg er det vanleg, attkjenneleg liturgi og mykje frisk salmesong.

Konfirmantane, dei tre arrangerande sokneråda og staben elles poengterer at samlinga tysdag er ei open gudsteneste for alle!

konfirmanter ved alteret med presten i bakgrunn
Altartavla i Åsskard er fin bakgrunn for skjærtorsdagsdelen av «Sju akter frå Jesu liv».
Gut held lys i kyrkja
Kva rolle har han som seier «Det eg skreiv, det skreiv eg»?

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS