Ordfører Hugo Pedersen og prest Torbjørn Brøske.

Gudstenesta i Mo kyrkje søndag

Mo kyrkje skriver følgende på sine Facebook sider:

22. oktober er dagen for TV-aksjonen for Redd Barna, og takkofferet ved gudstenesta i Mo kyrkje gjekk også dit. 

Nyvalgt ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, var glad for å bli invitert til kyrkja for å tale om innsamlingsaksjonen og han var glad for at det første oppdraget hans som ordførar var nettopp i Mo kyrkje. Han var berørt av å sjå barna som lir og fortalte om flyktningane som kjem hit til kommunen og oppfordra oss alle om å gi til TV-aksjonen og å engasjere oss.
Prest Torbjørn Brøske tok også fram korleis barna og dei uskyldige blir ramma av all ufred som er i verda. Han sa at dette var den siste gudstenesta hans i Mo, men det var det ingen vi tala med som ville tru på sjøl om dei trudde på alt anna han han sa.

Det gamle soknerådet vart takka av, og det nye presentert av avtroppande soknerådsleiar. 

På bildet ser vi frå venstre Marianne Bredesen (2. vara), Ola Helgetun (1.vara), Marit Aune Dønnem (sekretær), Erik Meisingset (leiar), Inge Solheim (nestleiar) og Erik Moen (medlem) Attast til venstre klokkar Mali Gravvold Settem. (foto Oddvar Væge)
Powered by Labrador CMS