Surnadal kommune med gladnyhet:

fire personer utenfor kulturhuset
F.v. Trine Glåmen, Sissel H. Storslett, Gunhild Täringskog og Lars Sæther.

Gratis sommaraktivitetar for barn og ungdom også i år

Publisert Sist oppdatert

På ein pressekonferanse på Surnadal kulturhus tysdag morgon, kunne leiar for Surnadal Frivilligsentral Sissel H. Storslett, folkehelsekoordinator Trine Glåmen, leiar for ungdomsklubben Lars Sæther og biblioteksjef Gunhild Täringskog sleppe gladnyheita om at det også i år blir gratis sommaraktivitetar for barn og ungdom i skuleferien i Surnadal kommune.

Kulturavdelinga i Surnadal kommune har i år fått økonomisk støtte frå Bufdir til prosjektet, noko som gjer det mogleg å gjennomføre tilbodet om gratis sommaraktivitetar også i år. Aktivitetane er i år lagt til vekene 27 og 33, altså andre og siste veka av skuleferien.

Det er Frivilligsentralen, ungdomsklubben, biblioteket og helse- og familie som er tekniske arrangørar, og dei har laga eit innhaldsrikt program med mange forskjellege aktivitetar som til dømes riding, kino, gokartkøyring, diskgolf, bowling, kunstverkstad og mykje meir.

Bilde av aktivitetsoversikten

Målgruppa for gratis sommaraktivitetar er barn og ungdom i alderen 6 – 16 år. Somme aktivitetar har maks tal for deltakarar, og her er det «først til mølla-prinsippet» som gjeld. For påmelding og meir informasjon om sommaraktivitetane finn ein på biblioteket, kulturhuset og kommunen sine facebooksider eller på kommunen og kulturhuset sine heimesider.

Powered by Labrador CMS