Pressemelding fra Friluftsrådet:

StikkUt-posten ved Løålikjølen
StikkUt-posten ved Løålikjølen

Start på StikkUT vinter og StikkUt ski i Surnadal

Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Det er første året Surnadal kan tilby fotturar vinters tid, og dette er dei fire nye vinterfotturane:

· Heggemsneset- Kallset i Bøfjorden.

· Rundtur om Kraftstasjonen i Bøverfjorden

· Toåa tursti i Todalen. Koden er på baksida av treet med alle dei gaue retningsskilta.

Tjønnmyran: Her er posten i lysløypa.

· Rundturen «Rundt Gryta» i sentrum av Surnadal. Du finn koden der vegen opp til alpinsenteret tek av.

Turbeskrivingar finn du som vanleg på Stikk UT!-sida og i Stikk UT!-appen.

Når det gjeld Stikk UT! ski, fortsett vi med dei same turmåla som tidlegare:

På Nordmarka: Løålikjølen, Garthøglia og Magretlia. Det er tråkka løype til alle turmåla, men du må ha med deg hodelykt viss du vil til Garthøglia eller Løålikjølen etter at det er blitt mørkt.

Med utgangspunkt Vang: Klåberget og Øygardshalsen. Her må du også ha med deg lys etter at det har blitt mørkt.

Holtamoen: Stikk UT!-posten ligg i lysløypa.

Låg vintersol på tur til Garthøglia.
Låg vintersol på tur til Garthøglia.

Generelt er det lite snø i terrenget enda, så om det kjem ein del regn, kan skiføret ryke! Følj med på loyper.net så du unngår bomturar! Nyleg tråkking er ein god indikasjon på at det kan vera muleg å få seg ein skitur!

Powered by Labrador CMS