Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag:

Kvalnesvika

Storfin sesongstart!

Fjellgruppa hadde klokeleg lagt årets deby nær sjøen! Og på den finaste dagen hittess i år gjekk vi 32 kvinner og menn frå Kallset utover til Kvalnesvika.

Publisert

For oss som ikkje hadde gått vegen før, var det møte med eit bokstaveleg tala overveldande landskap: stupbratte hamrar og steinurer ovanfor oss og mest like ulendt nedanfor mot sjøen.

I Kvalnesvika rasta vi nede i fjøra, og gledde oss over dei velstelte husa og enga. Har du ikkje vore der, så ta turen! Det er mange mot- og nedoverbakkar, så antalet høgdemeter blir bra!

Start frå Kalset.
Opp frå Kalset.
Kjellaug får hjelp over bekken.
Bitten også.
Kvalnesvika.
Kvalnesvika.
Ein god matpause i Kvalnesvika.
Naust i Kvalnesvika i Halsafjorden.
Kvalnesvika.
Frodig natur.
Tuntreet i Kvalnesvika
Gjennom frodig og gammel skog.
Mye berg og stein.
Ned til Kalset.
Mykje ramslauk å finne på turen.
Powered by Labrador CMS