8. mai i Rindal

Veteranane vart heidra på frigjeringsdagen
Med unntak av pandemiåra har Rindal kommune heilt sidan 2015 markert veterandagen 8. mai. I år var samlinga eit måltid i kantina på Rindal skole og bildeforedrag i Attanova.
Rindal kommune har som mål å nå alle rindals-veteranar som har deltatt i internasjonale operasjonar sidan andre verdenskrig og fram til i dag, til sosialt treff på veterandagen. Invitasjonen går også til utflytta veteranar.

I år kunne ordførar Mildrid Kattem Aune, kulturleder og veterankontakt Morten Møller og veteranrepresentant Bård Inge Romundstad ønske 12 veteranar veteranar velkomne til måltid, bildeforedrag og mingling.

Ordføraren ønska velkommen og la oss på sinne situasjonen i verda som har endra seg sidan siste samling. Fridom vert viktigare og nærare no, sjølv om vi feirer 80-årsjubileum for frigjeringsdagen i 1945. Så står det stor respekt av veteranane som har vore ute i teneste for å overvake freden i regi av FN.

Bård Inge Romundstad fortalte om korleis planane var for veteranane framover. Dei prøver å møtast annakvar månad, og det har alt vore ca. 20 veteranar innom samlingane.

Det er stor breidde både i alder og teneste for rindals-veteranane, og det er brei kompetanse hos dei. Felles for alle er at dei har mykje å snakke saman om som dei ikkje snakkar så mykje med andre om.
I lysbildeforedraget sitt fortalte Bård Inge Romundstad om tenesta si som observatør for UNTSO i Midt-Austen i 2006 - 2007 og viste bilde frå Israel og Libanon. Tittelen på foredraget var «Lima – This is Victor».
- Det var der alt sammen, sa han, og refererte til bibelhistorietimane med Astrid Flø på Rindal skole.

Som observatør var han utan våpen, med skottsikker vest og blå beret som einaste sikring. Observatørane skulle skape tillit. Dei var alltid frå to nasjonar for best muleg objektiv rapportering.
Det var fleire som kjente seg igjen på bilda i foredraget, og dei fekk komme med kommentarar. Mange hadde fine, gode minne frå Libanon og rosa folket der.
Dei hadde opplevd snø i over 1000 m høgde for så å kjøre ned til Middelhavet å bade i sjø som var varmare enn Igltjønna. For Bård Inge var det også spesielt å oppleve "Ja vi elsker" spela av eit indisk sekkepipeorkester 17. mai.

Går det som planlagt, så vil vi få sjå rindalsveteranar langt framme i 17.-maitoget i Rindal i år!
Meir om rindalsveteranarane kan du høre i Trollheimspodden!
.



Red.anm: For ordens skyld opplyser vi om at Bård Inge Romundstad er daglig leder i Trollheimsporten.