Freeski Cup 2024

tre gutter med slalomklær og hjelm
Kompisane Ahmed Ali, Emil Melkild og Ingebrigt Moen er tre av superkidsa som deltok på torsdagens cup-avslutning. Det blei store smil på alle tre, og ein velfortent smurf!

Unge freeski-talentar triksa seg inn i påska

Det blei god stemning torsdag kveld da dei modige deltakarane tok sats og viste fram sine beste triks i bakken!

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld var det klart for sesongens siste freeski-cup i Sæterlia. Det var stor skiglede med masse folk, høg musikk og store smil. Unge frå 6 år og heilt til unge vaksne deltok i ulike grupper. Uansett nivå og alder var lidenskapen stor hjå alle dei påmeldte. 

Superkids-gruppa var først ute. Det var 37 superkids født i 2014, 2015 og 2016 som deltok. Etter dei hadde køyrd to rundar kvar, gjekk turen litt lenger opp i bakken, kor  dei eldre deltakarane i gruppene kids, yngre junior, junior og senior, starta. Det var til saman 22 deltakarar i desse gruppane.

slalomhopper
Det blei mange luftige svev på superkidsa!
to gutter med medalje og slalomhjelm
Aron Thunestveit Aasgård og Emil Kvande kunne stolt ta imot medaljen sin etter to rundar ned bakken.

Deltakarane fekk god støtte frå entusiastiske tilskuarar og ein veldig motiverandre kommentator, Halvor Drøpping. Det var mange imponerande triks på både dei mindre hoppa og det største hoppet, "Biggen". Tilskuarane fekk sjå triks som blant anna 360, 180 og safety grab. 

gutt hopper på slalomhopp
Det var mange stilige triks på Biggen for dei eldre gruppene.
gutt og mann i slalombakke
Anders Dalsegg Bruset deltok i gruppa Kids U12 og Halvor Drøpping var ein svært motiverande kommentator under heile cupen!

Vinteren er på hell, men sjølv om freeski-cupen er over for i år er det fortsatt moglegheit for å få seg nokre siste rundar i bakken før våren kjem for fullt. 

Vi takkar for eit supert show og gratulerer alle deltakarane for ein fantastisk innsats.

mange barn med slalomutstyr
barn på pall, slalom
ungdom på pall, slalom
ungdom på pall, slalom
ungdom på pallplass nr 1, slalom

Under kan du sjå fleire bilete frå cupen. Bla med pilene.

Resultatliste superkids
Resultatliste
Powered by Labrador CMS