Surnadal G19 kunne juble for 4-2-seier borte mot Eide og omegn fredag.

Vann knalltøff bortekamp mot Eide

– Dette smakte veldig, veldig godt, seier kampleiar Sondre Ormset.

Publisert Sist oppdatert

Surnadal sitt G19-lag i fotball fekk fredag ein kjempestart på sluttspelet der dei seks beste juniorlaga i kretsen skal gjere opp om kretsmeisterskapet.

I ein tøff bortekamp mot Eide og omegn, trakk surnadalingane til slutt det lengste strået, og vann 4-2. Begge laga stilte med ei rekkje spelarar, som i ein vanleg fotballsesong spelar på klubbane sine seniorlag.

Kampleiar Sondre Ormset fortel om ein rotete kamp med mykje fram og tilbake.

– Vi møtte eit veldig godt lag i dag, og vi vart til dels spelt veldig låge. I tillegg var Eide gode til å spele seg ut dei periodane vi prøvde å stå høgt på dei.

Ormset, som og er dagleg leiar i Surnadal IL, fortsett:

– Men vi tek krigen rundt eige mål og held dei unna. Delvis med nød og neppe, men det er nok, det.

Hansen og Gjul scora igjen

Allereie etter fem minutt satt ballen i nota for første gong i kampen. Surnadal spelte seg ut på høgresida si, der Sindre Fiske slo inn - langt, mot bakre stolpe.

Der dunka Lasse Vaseng Hansen like godt til på volley. Ei vakker scoring, og 1-0 til Surnadal.

Fem minutt før pause la Vegard Gjul på til 2-0. Dette målet kom på straffespark, etter at Sindre Fiske vart felt av ein Eide-spelar.

Like før pause reduserte Eide og omegn til 1-2 på heading etter eit frispark, og 1-2 var resultatet etter første omgang.

Strafferedning og Fiske-show

Nemnde Sindre Fiske og målvakt Torstein Snekvik spelte begge sin første fotballkamp sidan sesongoppkøyringa til Surnadal sitt A-lag vart lagt på is i mars.

Tidlegare i G19-sesongen har nemleg berre 2000-modellar som enno ikkje har fylt 20 år fått lov til å spele. Nye retningslinjer gjer at laga kan ha med to overårige spelarar, som har fylt 20.

Mot Eide var det altså Fiske og Snekvik som var med, og begge skulle vise seg å spele heilt avgjerande roller i seieren. (For ordens skuld, Trollheimsporten sin skribent er onkelen til keeper Snekvik)

Dei ti første minutta etter sidebytte vart nemleg av det actionfylte slaget.

Først varta Torstein Snekvik opp med det som berre var ei av fleire avgjerande redningar i kampen, då han redda straffespark frå Eide-angripar Håkon Nordeide Berg.

Deretter sette Sindre Fiske inn 3-1 til Surnadal.

Fiske, som dermed kunne notere seg for to målgjevande pasningar og ei scoring mot Eide, vart spelt gjennom i midten av bana. Frå eit par-og-tjue meter sette han ballen i mål med sitt første touch, over ein Eide-keeper på halvdistanse.

Torstein Snekvik (f.v.) redda straffespark medan Vegard Gjul, Lasse Vaseng Hansen, Vegard Dønnem og Sindre Fiske teikna seg på scoringslista mot Eide.

Spennande avslutning

På det tidspunktet var det spelt 55 av 90 minutt, og eit godt Eide-lag dominerte framleis banespelet.

Om lag eit kvarter før full tid fekk dei uttelling, då dei spelte seg gjennom og kom i overtal mot Surnadal-forsvaret.

Med 2-3 på resultattavla, og eit Eide som pressa på for fleire mål, var det duka for eit svært spennande siste kvarter for dei om lag 25 tilreisande bortesupportarane.

Ved eit hjørnespark på overtid sendte heimelaget opp alle mann, inkludert keeper, i jakta på utlikning, men Surnadal fekk klarert langt opp i bana.

Vegard Dønnem spurta etter klareringa, fekk tak i ballen og ekspederte den i mål. 4-2 til Surnadal på overtid, og spikeren i kista.

Kampleiar Ormset er storfornøgd med å kunne reise heim frå Eide og omegn med tre poeng.

– Seieren satt langt inne, og det var frykteleg deilig då kampen var over. Dette smakte veldig, veldig godt.

Med seier i åpningskampen fekk Surnadal ein god start på KM-sluttspelet. No ventar ein ny tøff bortekamp, mot Molde 1 på Aker Stadion, neste helg.

– Vi er klare for det. Det blir nok ein slitekamp, men vi er klare for det. Vi er gode nok til å slå kven som helst, men det er klart; vi møter minst like sterk motstand då, og lyt spele opp mot vårt beste, seier Ormset.

Det vart spelt ein kamp til i KM-sluttspelet i G19-klassa fredag. Der vann Åndalsnes/Isfjorden/Langfjorden/Måndalen heile 6-1 over KBK. Dei to siste laga i sluttspelet, Molde og Træff, skal møtast til dyst måndag.

Desse spelte for Surnadal G19:

Torstein Snekvik

Ruben Lysø
Lars Gjøra
Martin Bolme Fjerstad
Halvor Fjærvik

Vegard Dønnem
Edvard Bolme Fjerstad
Viljar Fiske Kvande

Sindre Fiske
Vegard Gjul
Lasse Vaseng Hansen

Jonas Jordet Bergem
Kristoffer Bersås
Martin Sødahl Haugen
Sander Landsem Kattem


Powered by Labrador CMS