Andreas Dalsegg Sæter (f.v.), Frikk Hauglann Talgø, Sander Smevoll og Arnstein Aasbø scora Surnadal sine mål i 4-0-seieren over Eide og omegn i serieopninga fredag.

Solid Surnadal-seier i første herrekamp på 664 dagar

Surnadal opna 4. divisjonssesongen med 4-0-seier over Eide og omegn heime på Syltøran fredag.

Publisert Sist oppdatert

19. oktober 2019 var førre gong Surnadal sitt A-lag for herrar spelte ein teljande kamp.

Tida etterpå har vore ein tålmodigheitsprøve for både klubb, spelarar og støtteapparat, som fredag kveld endeleg kunne ta imot Eide og omegn til serieopning.

Den første omgangen mot serietoaren frå 2019, skulle og fortone seg som ein tålmodigheitsprøve. Surnadal hadde ballen bortimot heile tida, medan Eide og omegn la seg veldig lågt i ein 4-5-1-formasjon.

Dei tok ikkje til å presse ballførar hos surnadalingane før heimelaget passerte midtbana, og dermed gjekk bortimot heile dei 45 første minutta føre seg inne på Eide og omegn sin halvdel.

Gjestane forsvarte seg bra, og nekta Surnadal å skape mange sjansar. Både Tore Bæverfjord og Vegar Brøske kunne scora på headingar etter to av blåtrøyene sine mange hjørnespark, medan Tore Næss og Sander Smevoll fikk farlege forsøk blokkert.

Mål vart det likevel ikkje i løpet av dei første 45, og dermed stod det 0-0 til pause. Like før kvilen måtte midtspiss Arnstein Aasbø gå av etter at han fekk seg ein smell. Inn kom Frikk Hauglann Talgø, som tok plass på høgrekanten, medan Sander Smevoll gjekk opp på topp.

Dalsegg Sæter opna ballet

Surnadal køyrte på ut av startblokkene også i den andre omgangen, og etter om lag fem minutt kom det forløysande 1-0-målet.

Sondre Næss Bolme slo Surnadal sitt åttande hjørnespark for dagen inn frå høgre, men ballen vart klarert ut til Tore Næss. Han spelte ut att til indreløparkollega Bolme, som finta ut ein Eide-forsvarar før han svinga ballen inn i feltet.

Der kom både Andreas Dalsegg Sæter og Sander Smevoll i fullt firsprang, og begge steig høgt til vêrs. Ei heading frå Dalsegg Sæter seinare låg ballen i mål, og Surnadal hadde fått hol på byllen.

Etter 1-0-målet prøvde Eide og omegn å løfte laget sitt høgare i bana, noko som gav Surnadal sin lynraske angrepstrio plass å springe i. Spesielt dei to kantane, Frikk Hauglann Talgø og Vegard Gjul, skapte store problem for Eide og omegn utover i den andre omgangen.

Gjul debuterte faktisk i obligatorisk kamp for Surnadal sitt A-lag i denne kampen, sidan koronapandemien har ført til at det berre har vorte spelt treningskampar dei siste 21 månadane.

Lynvingen feira like godt debuten med å bli kåra til Dagens SpareBank 1 Nordmøre SIL-gutt, heimelaget sin beste spelar, av ein lokal jury på Syltøran.

Tilbake til sjølve kampen: 59 minutt var spelt då Sander Smevoll auka leiinga til 2-0. Vegard Gjul fossa framover på sida, og hoppa over to sklitaklande Eide-spelarar på vegen framover til dødlinja.

Inne framfor mål lura Smevoll, og då keeperen glapp ballen på den våte Syltøran-matta, let ikkje Surnadal sin nummer 9 seg be to gonger. Han runda keeperen, som prøvde å felle Smevoll i eit forsøk på å hindre scoring. Forsøket lykkast ikkje, og Glærums store son la på til 2-0. Dette var Smevoll si 50. scoring for Surnadal, i kamp nummer 117.

Bak f.v.: Heid Snekvik (lagleiar), Ole Einar Bolme (assistenttrenar), Webjørn Holten (trenar), Frikk Hauglann Talgø, Sander Smevoll, Viljar Fiske Kvande, Andreas Dalsegg Sæter, Tore Bæverfjord, Vegar Brøske, Henrik Kvande-Talgø, Ørjan Nes Haugen, Edvard Bolme Fjerstad, Lasse Vaseng Hansen, Martin Bolme Fjerstad og Jonas Jordet Bergem. Framme f.v.: Lars Mogstad, Arnstein Aasbø, Sondre Næss Bolme, Håkon Bredesen, Vegard Gjul, Sindre Hyldbakk Kvande, Ingebrigt Løfaldli, Sindre Fiske, Torstein Snekvik og Mattis Fiske.

Ketchup-effekt

Og no gjorde den såkalla ketchup-effekten seg gjeldande. Berre fire minutt etter 2-0, stod det plutseleg 3-0 på Syltøran. Sondre Næss Bolme, som spelte ein veldig god kamp for heimelaget, slo eit hjørnespark inn framfor mål.

Der viste Frikk Hauglann Talgø enorm både spenst og vilje, der han knuste alle i lufta og stanga ballen kontant i mål.

På stillinga 3-0 dala tempoet i kampen, og bortelaget fekk organisert seg godt igjen. Midtspissen deira, evigunge Stig-Roar Søbstad, vart framleis for åleine til at det vart farleg for Surnadal-forsvaret.

Eide, som har mista mange spelarar sidan dei vart nummer to i 2019, kjempa likevel godt, og gav aldri opp.

I det 81. minuttet fastsette Arnstein Aasbø, som hadde rista av seg smellen han fekk tidlegare i kampen, sluttresultatet til 4-0.

Frikk Hauglann Talgø kom seg rundt på høgrekanten, som så mange gonger tidlegare i kampen, og maskina frå Todalen slo hardt inn langs bakken. Ved første stolpe kom Aasbø stormande, og nærmast sprang ballen i mål.

Angriparen spelte sin første obligatoriske A-kamp sidan 2016, medan høgreback Håkon Bredesen gjorde comeback etter eit opphald sidan 2017.

Glad trenar Holten

Trenar Webjørn Holten var ein fornøgd mann etter storseier i første kamp for sesongen.

– 4-0 i serieopninga er bra, og Eide hadde nesten ikkje ei avslutning i løpet av heile kampen. Eg er veldig godt fornøgd med at vi heldt nullen, og at vi ikkje slapp dei til sjansar. Vi slapp inn tre litt enkle mål i siste treningskamp, og det måtte vi gjere noko med.

Trass firemålsseieren, tykte Holten at motstandaren gjorde det vanskeleg for Surnadal.

– Dei hadde ikkje så mykje å komme med framover, men når det er sagt, tykte eg dei stod veldig godt defensivt, fram til vi fekk det første målet. Dei gav oss ingenting i mellomrommet, så vi hadde ikkje noko anna moglegheit enn å komme oss rundt på kantane.

Etter ein litt sjansefattig førsteomgang, vart det til slutt ein komfortabel seier for Surnadal.

– Ja, sjølv om eg er imponert over kva dei fekk til med såpass unge gutar, og at dei stod imot såpass lenge, såg vi jo at vi vart for gode over tid. Vi snakka om det ved pause, då det stod 0-0, at dersom vi heldt balltempoet oppe, ville det opne seg. Og det gjorde det. Alt i alt var det ei god gjennomkøyring, seier Holten.

Kampfakta:

Surnadal-Eide og omegn 4-0 (0-0)
Syltøran stadion, 13. august 2021

Mål:

1-0 Andreas Dalsegg Sæter (51.)
2-0 Sander Smevoll (59.)
3-0 Frikk Hauglann Talgø (63.)
4-0 Arnstein Aasbø (81.)

Gule kort: Håkon Bredesen og Viljar Fiske Kvande, Surnadal. Ingen til Eide og omegn.

Surnadal stilte slik (4-3-3, frå høgre mot venstre - innbyttarar i parentes):

Mattis Fiske (Torstein Snekvik 46.)

Håkon Bredesen (Ørjan Nes Haugen 89.)
Lars Mogstad
Vegar Brøske (Kaptein)
Tore Bæverfjord

Tore Næss (Viljar Fiske Kvande 62.)
Andreas Dalsegg Sæter (Ingebrigt Løfaldli 86.)
Sondre Næss Bolme (Sindre Hyldbakk Kvande 79.)

Sander Smevoll (Arnstein Aasbø inn igjen 79.)
Arnstein Aasbø (Frikk Hauglann Talgø 45.)
Vegard Gjul (Sindre Fiske 79.)

Powered by Labrador CMS