Annonse
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag
Tur til Årnes, Persullukammen og Jabenken
Snøen hindra tur til Grytbakksetra denne tysdagen. I staden vart det tur til Årnes og Persullukammen, og til slutt Ja-benken. Etter kvart som sola kom fram steig både stemninga og høgda over havet. Det er så rart med det - veret har omtrent alt å seie. Så det vart ein riktig så triveleg sistetur for denne sesongen. Imponerande kor godt det er merka med namnskilt, både stigar og stader. Det er verdifult å ta vare på gamle namn og gjer det enklare å finne fram. Stor takk til Svein Årnes, han har lagt ned ein stor jobb med dette. 21 stilte opp på denne turen, og alle kom ned att.
Onsdag 13. november prøvar vi å få til avslutningsmiddag på Hammerstuene. Nærare kunngjering kjem seinare.