Fjellgruppetur til Nistusetra Mogstad
Guiden Inger Merete Mogstad tok tirsdag i mot vandrarane på Nestua Mogstad . Ho fortalte om historia til garden. Under vegs opp skogsvegen fortalte ho om bruken av området. Om den tida det budde folk på fleire plassar og det var stor aktivitet med mjølking i sommarfjøs, om markaslått, høyløer, ved og tømmerdrift, og om tiltaka som no blir gjort med å halde dei gamle naturengene ved like så dei ikkje gror att med skog og kratt.
Vel oppe ved setra fekk dei vi høre om flytting av setra frå den gamle stølen til der ho no står, livet på setra med gjeting og produksjon av smør og ost, og om restaureringa som vart gjort for å ivareta den gamle bygninga i mest mulig opprinneleg stand.
Takk til Inger Merete for ein historierik og interessant tur!