Fenriken fylte Storstuå
Måndag kveld inviterte Fagforbundet i Surnadal sine medlemmer og andre til Storstuå i Surnadal kulturhus og inspirasjonsforedraget «Tør å være tydelig» med Geir Aker, kanskje best kjent som «fenriken» i Kompani Lauritzen på TV2.
Geir Aker vart for alvor kjent i 2020, da han for første gong var med som «fenriken» i Kompani Lauritzen. I dag er han også godt kjent som foredragshaldar, gjennom selskapet Optimus Kompetanse AS.
Leiar i Fagforbundet Surnadal, Eva Jorid Svendsen, ønskte ei fullsett storstue velkomne til ein time med eit tydeleg bodskap pakka inn i humor og engasjerande involvering av salen.
Aker gjennomførte først ein funksjonstest av publikummet, der dei skulle rette opp venstre hand, svare på om dei hadde leiaransvar og kor mange som i arbeid og fritid føretrekker utydeligheit framfor tydelegheit.
Publikum fekk også spørsmål om kva i universet som er konstant. Aker sitt svar på dette var endring. Endring skjer heile tida i heile samfunnet om med alt, anten vi vil eller ikkje, fastslo han.
Aker kom i løpet av inspirasjonsforedraget inn på at det er viktig med tydelegheit i kommunikasjonen mellom vaksne, barn og tenåringar.
Han viste korleis enkeltord og teikn har ei anna tyding i dag enn før når ein kommuniserer med barn og unge, der den yngre garde i dag i stor utstrekning brukar emojiar som ein viktig del av sin kommunikasjon.
Han sa også at ungdommen er konstruert for å teste grenser, men at dei ikkje er konstruert for å vinne alle kampane.
Ein skal vere vennleg med sine barn, men ikkje ven. Ein ven er ein ein fortel alt til, og det skal ein ikkje gjere til sine foreldre.
Aker forklarte også forskjellen på informasjon og bestilling. Eg er svolten, er informasjon, medan eg vil ha ei brøskive med leverpostei, er ei bestilling.
Han tok også opp skilnaden på utfordring og problem, der løysing er det motsette av problem, men at utfordring ikkje har noko direkte løysingsord.
Aker kom også inn på mange andre tema i sitt interessante og innhaldsrike inspirasjonsforedrag, der han mellom anna konkluderte at utan ærlegheit ingen kjærleik.
Til slutt konkluderte Aker med at ordet EN er sterkt underkommunisert, da EN illustrerer at ingen er til overs. Det et betre med EN god venn enn ingen!