SUBUS Medier og kommunikasjon:

Elevane på Innsats for andre vil gjerne ha brukte briller til eit godt føremål.

Har du briller du ikkje brukar?

Her kjem ein ny artikkel frå 9. klasse-elevar på SUBUS:

Elevane på valfaget Innsats for andre hjelper Specsavers med å samle inn briller til ein brilleaksjon. Brillene skal sendes til Tanzania. Rundt 40% av befolkninga i Tanzania treng briller, og Specsavers drar til Tanzania ein gong i året for å gi dei både briller og gratis synsundersøking.

– Brillene kan leverast på kontoret på SUBUS, eller til ein av elevane på Innsats for andre, fortel Inger Emilie Grøtan Øye. Elevane seier at Specsavers sjekkar styrken på brillene og reparerer dei om det trengs, før dei blir sendt til Tanzania.

For dei som ikkje har kontaktar på skulen skal det bli moglegheit for å levere briller på Skei

– Vi kjem til å annonsere for ein dag der vi skal stå på Skei og samle inn briller. Da kan folk levere briller dei ikkje brukar lengre, seier lærar Laila Sollid.

Etter påske skal heile gjengen til Orkanger for å levere brillene til Specsavers. Dette gler dei seg til.

– Då håpar vi at det blir meir enn éin kasse, avsluttar dei.

Her er brillene som har kome inn så langt.
Powered by Labrador CMS