To menn og fem damer rundt et bord med juletre i bakgrunnen
Eidsbyggene fekk besøk frå både Rindalen, Todalen og Ålvundeidet til nyttårsfesten.

Nytt år på bedehuset

Bedehuset på Eidet i Surnadal er av dei få i sitt slag. Sjøl om dei fleste frammøtte var godt vaksne, viste nyttårsfesten laurdag at både tradisjon og framtidstru sit godt i veggene her.

Publisert

Med Normisjon som arrangør samla festen folk frå ulike foreiningar og frå mange bygder. Når jula med sitt rike innhald av tekster og musikk glir over i eit flunkande nytt år, er blikket vendt framover i denne delen av kyrkjelivet.

Inspirerande Hovde

I ein velforma tale tok tidlegare Sunndals-prest Bjørn Hovde utgangsunkt i nettopp begrepet «ny». Med stor bibelkunnskap, god biletbruk og unik formidlingsevne opna han for spennande refleksjonar. - Kva eksisterte før tida vart til? spurte han med referanse til skapingssoga. - Og kva er det nye som kom med Jesus i evangelia?

Mann med dressjakke på en talerstol
Bjørn Hovde – inspirert og inspirerande som alltid.

Starten på eit nytt misjons- og kyrkjeår fekk fekk mykje inspirasjon av tankane hans. Med Petter Dass-salmen «Hør nå godt nytt som på jorderik skjedde» fekk andakten ei visjonær avslutning.

Misjonsnytt og salmepoesi

Einy Elgsæther leia festen med stø hand. Svein Dalen bar fram aktuelt misjonsnytt. Kjellaug Foseide minte om århundrelang tradisjon med Kyndelmessbasar i Rindal kvar 2. februar - slik også i år.

Dame i vinrød kjole taler fra talerstol
Einy Elgsæther leia festen med stø hand og las gode tekster.
Mann i blå genser taler fra talerstol
Svein Dalen formidla brev frå misjonsmarka.

I denne samanhengen vart også 150-årsjubileet for Åsskard kyrkje no i 2026 presentert. Der vil ulike markeringar i tida som kjem, knyte tradisjon og fornying saman.

Sverre Hatle deklamerte og kommenterte dikt frå salmeboka - blant anna Edvard Hoems «Så stilt som berre vinden snur».

Song og samkjensle

Bedehusfest på Eidet betyr bestandig fulltonande allsong - denne gong frå salmeboka, vår kanskje rikaste samling av poesi og gode melodiar. For eit engasjement da «Hjemme i himlen» fylte rommet!

Med sin varme barytonstemme formidla Svein Volle ein bukett solosongar - blant andre «Den store stjerna» (Trygve Hoff) og som svingande sjømannsvals: «Kvar gong Jesu namn eg nemner» av Jakob Sande. 

Man i dress står og synger sanger og holder en bok i hendene.
Svein Volle framførte songar av Hoff, Sande, Hansen og Erik Hillestad.

Kollekten på møtet gav eit fint bidrag til misjonsarbeidet. Og som alltid var det servering av første klasse, med bidrag frå mange.

To menn og tre damer sitter rundt et bord med kaffekopper - flere mennesker og juletre i bakgrunnen
Bordsetet er alltid god arena for fellesskap. Frå venstre Svein Dalen, Anne Marie Hovde, Bjørn Hovde, Kristian Settem og Mali Settem.

Dugnadsånd og samkjensle er varemerke for samlingar på bedehuset!

Powered by Labrador CMS