ANNONSE:

Sommarleirar i kyrkja sin regi

Sommarens leirar blir i Oppistu Torvik og på Vaulen på Nordmarka. Det blir 2 overnattingsleirar for deg som er ferdig med 2.-4. klasse i Oppistu Torvika og ein overnattingsleir for deg som er ferdig med 5.-7. klasse på Vaulen på Nordmarka.

LEIR FOR 2.- 4. KLASSE: måndag 26.juli – onsdag 28. juli og fredag 30.juli – søndag 1. august.

På desse leirane skal vi vere mykje ute. I marka/fjellet på tur med niste og ulike gruppeoppgåver.

På og ved sjøen med båt og kano, bading og fisking. Riding ein av dagane.

I bibeltimane skal vi snakke om at Gud er glad i oss alle, og han vil at vi skal ha det bra. Vi tek utgangspunkt i ulike bibelforteljingar og mange gode og friske songar.

LEIR FOR 5.- 7. KLASSE: måndag 2. august – onsdag 4. august.

Leiren blir sommarens beste oppleving for deg som gjerne vil vere med og lage aktivitet og spenning.

Vaulen har Krokvatnet og fine område i marka. Her kan vi ha Vaulenturnering med premiering av beste gruppe siste dagen.

Bibeltimar som tek utgangspunkt i historier i bibelen og samtale omkring desse.

Kveldskos kring bålpanna i gapahuken.

Overnatting i lavvo, hengekøye eller seng i huset.

Mange ungdomar blir med som leiarar. Det er vi spesielt glade for. Kanskje får vi til band i år og.

Vil du ha meir informasjon om Oppistu Torvik, finn du det på www.oppogut.com. Informasjon om Vaulen ligg på heimesida til Surnadal kommune under kultur.

Leirane vert tilpassa covid-19 reglane som gjeld. Om leiren vert avlyst på grunn av covid-19, vert deltakaravgifta refundert.

Påmelding på kyrkja si heimeside (www.surnadal.kirken.no). Begrensa gruppestorleik gongen. Frist for påmelding er 21. juni 2021. Pris pr. leir kr. 800. Søskenmoderasjon kr. 100 pr. søsken. Skriv gjerne i kommentarfeltet om det er fleire søsken påmeldt. Informasjon om betaling og andre praktiske ting du må ha, kjem på e-post etter påmelding.

Har du spørsmål, ta kontakt med Elsa Jensvold, tlf.: 99518162 eller elsa.jensvold@surnadal.kyrkja.no

Powered by Labrador CMS