Ungdomsgruppe i røde klær står samlet med plakater utendørs.
Elevar frå Surnadal videregåande skole vil også i år gå med bøsser for å samle inn pengar til Demensaksjonen.

Klart for Demensaksjonen 2026

Tysdag 22. september er det klart for Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årlege Demensaksjon.

Publisert

I Surnadal og Rindal kommunar er det Surnadal demensforening og helselag og Rindal demensforening som organiserer innsamlingsaksjonen, medan det er elevar ved Surnadal videregåande skole som tek sjølve bøssebæringa og innsamlinga. 

I år går inntekta frå Demensaksjonen til lokal innsats og forskning på barnedemens, og eit stort førtitals elevar frå Surnadal videregåande skole vil altså kome på døra med innsamlingsbøssene sine tysdag i neste veke

Ved siden av Russ og Helsefag Vg1 og Vg2, har også ca 30 medlemmer meldt seg som bøssebærere/sjåfører.

Innsamlinga er også digital, så det er fullt mogleg å gje eit bidrag via Vipps til Surnadal demensforening og helselag på nummer 709094 eller Rindal demensforening på nummer 610025.  

Fire personer i røde vester står sammen i et møterom.
Leiarane i dei to demensforeiningane saman med viserussepresident Even Langli Moe og russepresident Maria Svinsås.

– Vi i Surnadal demensforening og helselag og Rindal demensforening vil i år oppfordre alle i Surnadal og Rindal om å støtte opp om arbeidet for å bekjempe demens når vi kommer rundt med innsamlingsbøssene, seier Liv Botten, leiar i Surnadal demensforening og helselag og Bettina Røen Helgetun, leiar i Rindal demensforening.  

– Ta derfor vel imot bøssebærerne og bli med på å stoppe demens, hver krone teller!, legg dei til.  

– Demens er en utfordring for samfunnet og en tragedie for dem som rammes, avsluttar Botten.  

Russen får ein liten prosentandel av dei innsamla pengane. Fredagen etter innsamlinga spanderer dei to lokale demensforeiningane pizza på alle bøsseberarane.    

To personer i røde klær står i et møterom foran en illustrert presentasjon.
Liv Botten og Bettina Røen Helgetun orienterte bøssebærarane om årets Demensaksjon.

FAKTA om demens

  • I dag har over 100 000 menneske i Norge demens, og talet vil truleg bli dobla fram mot 2040. 

  • Barnedemens skuldast ei rekke sjukdommar, og blir brukt som nemning sidan desse barna får dei same alvorlege symptoma på demens som vaksne. Det finst mange alvorlege og sjeldne sjukdomar som medfører barnedemens. 

  • Demens fører til dårleg hukommelse, problem med daglege gjeremål og endring av personlegdom. 

  • Nasjonalforeningen for folkehelsen er interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.  

Powered by Labrador CMS