Bøfjorden sjøbruksmuseum

Dykk i slekt og historie
Lars Jostein Bævre og Lars Polden heldt kurs i bruk av digitale arkiv på museet i Bøfjorden søndag. Mange fekk nyttige tips til studium av slekt og historie.
Lars Jostein viste koleis ein kan søkje etter personar i opne, maskinskrivne databaser. Her er Digitalarkivet, også med kyrkjebøkene våre, svært sentralt. Ved søk på Nasjonalbiblioteket finn ein bygdebøker og annan registrert litteratur.
Lars Jostein synte effektive søkjemotorar: Med rett bruk finn du dei inste krokar i slekter og trykte tekstar. Kyrkjebøker og andre dokument er også skanna – slik at ein kan bla frå side til side og lesa dei i originalversjon.
«Settemsli» fram frå arkivet
Som praktisk eksempel tok lynkurset for seg namnet «John Settemsli». Via bygdebok (Smøla) og effektive arkivsøk kom mannen, foreldra og famileforholda fram i dagen. Dette sjøl om John ikkje er nemnt under Settemslia i Åsskardboka og om namnet opptrer i dei mest fantastiske forvrengningar i ulike databaser.
– Tydeleg at ikkje alle utanlandske avskrivarar kan norsk, smilte Lars Jostein.
Slektsforum
I forlengelsen av søka har Slektsforum for Indre Nordmøre også skaffa foto av gravminne. Gerd Anny Gjengstø bidro med bilete av støtta til mor av John Settemsli, Ane Sættemsli Holmen, på Åsskard.

Forsamlinga vart imponert over kåsørens oversikt og instruktive måte å vise digitalsøk på, og mange fekk eit fint skuv til å starte slektsgransking på eiga hand.
Både Lars Jostein Bævre og namnebror Polden er sentrale krefter i Slektsforum. Sistnemnde lova at dei i haust vil invitere til oppfølgingskveldar på biblioteket i Surnadal.
Søk kan bekrefte – og avkrefte
Polden nemnte korleis arkivdykk kan dokumentere hendingar som elles berre går på folkemunne. Gamle bøfjordingar har fortalt om eit knivdrap blant sildefiskarar i Settemsbukta på 1800-talet. Tradisjonen seier at ein sunnmøring kasta kniv etter ein kranglevoren bøfjording, men at kniven trefte ein annan – med dødeleg utgang. Via digitalt søk kunne Lars bekrefte dette – endatil at det skjedde i august 1879 og at det var ein namngjeven 15-åring frå Surnadalen som mista livet.
Men søk kan også avkrefte seigliva myter – som «Ringstadbjønnen»: Det seiest at John Einarson frå Ringstad vart skoten da han stal korn i Engdalen. Folk trudde han var ein bjørn. Etter presten Sodemans dom over tjuven vart han begraven der – i «Bjønnaåkeren», påstår myten. Men: Kyrkjeboka fortel at same presten «den 2den Martii 1791» har foreteke jordpåkastelse på grava til «John Einersen Ringstad» - på Aure kyrkjegard! (I april-mai 1791 var det neppe mykje korn å stela i Engdalen heller.)
Avisene – utømmelege kjelder
- Dei fleste avisene er søkbare i digitalarkivet, for eksempel Tidens Krav, forklarte Lars Jostein.

Og på oppfordring frå ein bøfjordsk fotballpatriot i salen leita han like godt fram TK-referatet frå kampen Clausenengen-Bøfjord den 3. mai 1964. Lars fann sida raskt, og salen humra over å få dokumentert at lille Bøfjord den dagen slo sjølvaste CFK 1-0 på Idrettsplassen!
Altså: Mange grunnar til å hente fram slekter, personar og små sensasjonar via arkivdykk.
Forsamlinga gav stor applaus til dei to Lars-ane for god kunnskapsformidling.