Om og av Ingebrigt Røen:

Fem personer rundt et trebord i et verksted med trykksaker, bilder og hyller i bakgrunnen.
Presentasjon av boka: Bodil Børset (frå venstre), Ingebrigt Røen, Turid Røen Kroknes, Anne Romundstad og Erling Mossige.

Profil i ny bok

Han var jordnær rindaling - og samtidig vidsynt livsfilosof. Boka om Ingebrigt Røen (1879-1962) var tema på museet i Bøfjorden søndag.

Publisert Sist oppdatert

«Ingebrigt Røen - Dikt, prologer og stubber» viser ein uvanleg frodig kulturperson. Heime i Romundstadbygda var garden levebrødet. Men attåt la Ingebrigt mykje engasjement i idrett, ulike samfunnssysler og ikkje minst ordets kunst. Med sin spenstige språkevne skreiv og framførte han underhaldande og tankevekkjande vers og stykke.

Rindal Skimuseum er utgjevar av boka, med avdelingsleiar Bodil Børset som redaktør. Ho teikna eit detaljert og fascinerande portrett av hovudpersonen – og av livet rundt han.

Kvinne sitter ved et bord med papirer i et verksted, med mikrofon og lydutstyr foran seg.
Avdelingsleiar ved Skimuseet, litteraturutdanna Bodil Børset, tegna eit interessant portrett av mannen bak boka.

Skifamilien

Som ung var Ingebrigt aktiv skiløpar. Sjøl bygde han gode ski. Og fleire av hans og kona Marit sine sju barn var store talent. Aller mest John og Sigurd - begge internasjonale skitoppar. Olaf og Alfred var også i distriktseliten. Og søstera Signe (Rindli) hamla opp med brørne både i løypa og hoppbakken!

Las Shakespeare og dikta sjøl

Litteratur var Ingebrigt sin store lidenskap. Ikkje mange på bygdene her las Holberg, Jules Verne og Shakespeare! Om han frakta varer til Surnadalsøra, sat han med boka på lasset. Ja - ein gong da hesten for av vegen, fortsette Ingebrigt å lesa vidare! Like viktig: Han var produktiv forfattar og skreiv i alle sjangrar. Boka inneheld over eit halvt hundre godbitar – på elegante og treffande vers om alskens tema. Barnebarna Turid (Røen Kroknes) og Ingebrigt framførte utdrag av stoffet - til stor begeistring blant dei frammøtte på museet.

Skibygda framfor alle

Fotosekvensen «Skisporten drives heroppe med liv og lyst» presenterte skibygda Rindal med ei imponerande rekkje av store skiløparar – Magnar Foseide, Edvin Landsem, Mikal Kirkholt, Reidar Helgetun, Tore Bjørnstad, Magnar Ingebrigtsli og fleire blad Røen.

VM-gull og Ærespris

John Røen var OL-deltakar i St. Moritz i1928 og var på turen dit innom Chamonix, der han vart fransk meister på 50 km! Bror Sigurd nådde aller lengst. Han tok VM-gull i både kombinert og stafett i 1937 og vann Hitlers Ærespris for kombinertseier i Garmisch Partenkirchen same året!

I lydopptak frå 1981 kunne publikum på museet høre han fortelje både om æresprisen og om saltohopp i langrenssløypa på heimeleg trakter!

Stor takk til Alfred

Boka inneheld tekster som sønnen Alfred Røen klokleg tok vare på, som Randi Synnøve Knutsen (dotter av Sigurd Røen) har digitalisert og som Bodil Børset har redigert til eit verdfullt og underhaldande kulturdokument.

Tre personer rundt et bord i et treinnredet rom.
Randi Synnøve Knutsen (til høgre) har digitalisert tekstene. Her saman med Sigmund og Liv Røen. Synnøve og Sigmund er barn av Sigurd Røen og altså barnebarn av Ingebrigt.

Kommentarar frå fleire Røen-etterkomarar i salen og bidraga frå barnebarna Turid og Ingebrigt gjorde temaet nært og levande. Spesielt inntrykk gjorde Ingebrigt sin omtale av faren Alfred – som fekk sin skikarriere skipla av krigen og som i staden opplevde det tragiske slaget i Gratangen i april 1940.

Mann med briller og rutete skjorte, foran tauverk og en mørk jakke som henger på trevegg.
Ingebrigt «junior» fortalte om faren Alfred, som fekk skikarrieren øydelagt av krigen. Hans omtale av slaget i Gratangen i april 1940 var sterkt gripande. Heilt tilfeldig heng ei soldatuniform frå den tida på veggen bak Ingebrigt.

Minne om kong Harald

Som over alt i landet vart minnet om kong Harald også markert på Sjøbruksmuseet denne dagen. Turid Røen Kroknes hugsa ho song for kongeparet ved to høve - endatil i Nidarosdomen. Bernt Bøe referte kor imponert monarken var over kyrkjebåten «Hjelmkonnå», som rodde fortare enn kongesjaluppen på Surnadalsfjorden i 2014. Museet i Bøfjorden fekk også takkebrev frå kong Harald etter at Slottet fekk foto av kongenamnet «Haakon VII» som ungdom frå Åsskard la i steinskift på toppen av fjellet Hjelmen i 1943.

Hjemmelaget skapte stemning

Musikkgruppa Hjemmelaget ramma søndagens program inn med velklingande taffelmusikk - der både visegeniet Evert Taube og den argentinske tangomeisteren Astor Piazzola tona ut i salen.

Musikkgruppe spiller med trekkspill, trommer, gitar og keyboard i et dekorert lokale.
Som ofte før skapte Hjemmelaget flott musikkstemning på museet. Frå venstre Anne Dyrnes (bassgitar og song), Tony Hopen (perkusjon og song), leiar Peder Hønsvik, gitarist Espen Wilhelmsen og keyboardist Alex Kurbanov.
Powered by Labrador CMS