Bøfjorden historielag:

To damer og en mann, alle med kort grått hår, som står og ser i ei gammel bok.
Arne Chr. Drøpping frydar seg over å eige og vise fram «Hus-Postille» av Martin Luther - i utgåve frå 1577. Anna Sæther (t.v.) og Gerd Anny Gjengstø betraktar klenodiet.

Kulturdag med kyrkjepreg

Kyrkjekultur prega siste augustdagen i Åsskard. Først gudsteneste og så «Kyrkjeliv og slikt» på museet.

Publisert

Fire nye konfirmantar vart presenterte i kyrkja: Mathilde Garthe, Sindre Engset Sannes, Vår Heggem Sæterbø og Ingrid Aasbø. Dei bidrog sjøl med notat om eigne interesser og forventningar og hausta applaus frå forsamlinga.

En prest og fire tenåringer som står oppstilt i koret i ei kirke.
Ein glad prost Vidar Wilhelmsen Rygh presenterte dei nye konfirmantane i Åsskard: Sindre, Ingrid, Mathilde og Vår.

Prost Vidar Rygh leia gudstenesta og heldt ei tankevekkande preike over Jesu undergjerningar for folks daglege brød - noko som evangelistane omtalar seks gonger i Bibelen.

Konfirmantforeldre hadde vore med og vald salmar. Dei let godt, ikkje minst takka vere forsongarane Kari, Inger og Kristian på galleriet.

Eva, Jane, Grete og Kari i soknerådet sørga for kyrkjekaffe med godsaker attåt.

Mangfaldig kyrkjeliv

Folk frå både Åsskard, Surnadal, Halsa og Ålvundfjord fortsette dagen rundt borda på museet i Bøfjorden. 

To voksne damer i et museumslokale. den ene holder fram et veldig gammelt bland/magasin.
Dreyerstua hadde mykje fint på utstillinga, konstaterer Mali Settem (bak) og Inger Marie Paulsen - sistnemnte med Misjonsselskapets «Hellige Jul» frå 1926.
To bilder av sider i svært gamle bøker.
Til venstre nok eit klenodium: «Gudelig Betenckning» av biskop og sentral dansk reformator Jesper Rasmussen. Boka frå 1655 (!) hører til i Dreyerstua. «Kingos Psalmebog» var einerådande i hundre år - til 1778, og i praksis enda mykje lenger.

Her var langbordet dekka med bibellitteratur frå 450 år. Arne Drøpping viste sin Luther-postille frå 1577, kjøpt på auksjon for ei tid sia. Frå Dreyerstua kom klenodiet «Gudelige Betracktninger» (1655) av Jesper Brochmand, dansk biskop og kyrkjereformator. Gamle jule- og påskehefte var også utlånt frå Dreyerstua.

Elles såg ein ulike biblar, Kingos Psalmebog, Hauges Salmebog og Kinamisjonens Sangbok. Til saman eit variert utvalg bøker som folk har lese og sunge frå.

Tre voksne damer ved et bord.
Masse fint å sjå og kjøpe av Bergfruas Lapper! Frå venstre Gunhild Bøklep Bøe, Cecilie Drøpping (Bergfrua) og Randi Bøe. Mange kroner kom inn til NMS.

Bergfru og Lofot-måleri Cecilie Rø Drøpping har i mange år laga tekstilvarer til inntekt for Det Norske Misjonsselskap. Ho la fram mange fine, oppfinnsame og nyttige ting og selde ein god del.

Et maleri av to menn i regnklær i en robåt med bølger på sjøen. I bakgrunnen en seilbåt.
Lege Sigurd Sæthers måleri frå Lofot-fisket. På baksida les vi at Sæther-familiens galeas «Nora» mista for-riggen og nær forliste på Vestfjorden, men ein brottsjø kasta riggen ombord att! Tru om det da er «Nora» vi ser i bakgrunnen?

Litt maritimt og: Frå Bjørn Harald Sæther kom eit måleri, laga av onkelen Sigurd Sæther. Bestefar John frå Kringlå i Surnadal var Lofot-seglar med galeasen «Nora». Bak på måleriet kan vi lesa om da «Nora» knekte riggen og kunne gått ned i Vestfjorden i 1928. Men ein brottsjø kasta riggen ombord att, så alt gjekk bra!

Digital kyrkjevandring

Via lerretet vandra forsamlinga innom dei seks kyrkjene i Surnadal - alle med kvar sitt særpreg. Y-forma på Mo-kyrkja frå 1728 symboliserer treeininga. Tavla etter kong Christian 5 sitt besøk i 1685 er ein attraksjon.

Fem forskjellige bøker, hver med bilde av ei kirke på framsia.
Historikk og levd liv frå alle kyrkjene i Surnadal er no samla i desse bøkene. Søndagens biletkåseri formidla glimt frå dei.

I mellomalderen stod det kyrkje på Skei. Fleire har sia stått på Ranes. Den noverande, frå 1869, har altartavle frå rundt 1700. Orgelet (1914) er i dag Nordmøres eldste.

Bileta frå Øye viste mykje liv med små og store aktive. Barnekoret Jubilate spreidde songglede under kantorane Gunnar Vik og Oddveig Helset Halle.

Todalen fekk eit lite kapell i 1861 - ombygd til kyrkje tretti år seinare. God song har alltid prega samlingane her. Alt i 1845 kom Todalens Missionsforening - som enno lever!

Stangvik var senter i prestegjeldet som fram til 1700 dekte mesta heile indre Nordmøre. Mykje kulturhistorie knyter seg til dei tre kyrkjene her - frå 1407, 1784 og 1897. Særleg i den siste har lokalt og internasjonalt musikkliv utfalda seg stort.

Biletvandringa hadde Åsskard kyrkje (150-årsjubileum neste år) som siste stopp. Barneaktiviteter og musikktiltak har prega «Kyrkjeliv og slikt» også her.

Powered by Labrador CMS