Vellykka Bøfjordhelg:
Finale med bacalao og bjønn
Salen stappfull og bacalogryta raskt tom: Finalen på museet bekrefta ei vellykka Bøfjordhelg. Fiskemiddag og kåseritema drog mange. Ekstra stolar måtte til.
Autentisk
Eit veldokumentert biletforedrag markerte 250-årsminnet om landets største rovdyrdrama. Den såkalla «Mannbjønnen» drap fem menneske i Bøfjordtraktene før «autoriseret Bjørnejeger» Tølløv Foldal felte den i 1776. Fascinerande anekdoter om «Skyttar-Tølløv» og autentiske skildringar av hendingane skapte ei særeigen stemning.
Historiske effekter
At etterkomarar av meisterskyttaren var i salen, gjorde dramaet kortreist og gripande. Innflytta bøfjording Terje Endresen og meldalingane Marit Blokkum og Frank Blokkum er slektningar av Tølløv!
Kyrkjeboknotat, militærbrev og den samtidige Dragset-visa frå 1770-åra bekreftar folkelege overleveringar. Eit notat frå 1776 om lønn til Tølløv og bøfjordingane Ole Bøe, Ole Audensen og Joen Olsen Heggem etter «14 Dage paa Bjørneskytteri» vart aktualisert da Terje Endresen (4x-tippoldesønn av Tølløv) og John Heggem jr (4x-tippoldesønn av Joen Olsen) entra salen. Bjørnerifle frå Settemsdalen, kulestøypartong og andre ting utfylte historia.
Eit riktig sjarmerande ekstranummer stod niåringen Olav Wiig-Rønning for: Han kunne vise fram hjørnetenner av ein bjørn som tippoldefaren Herman Mauset skaut i Tverrådalen i 1915!
Middag og gevinst
May Iren, Eva og Carina på kjøkenet fekk mykje ros for velsmakande bacalaomiddag. At etterspørselen var større enn kapasiteten, får skuldast uventa stort frammøte.
Eit høgdepunkt avslutninga av ei innhaldsrik Bøfjordhelg var trekninga av helgagevinsten – Eli Orsets måleri «Urørt». Vinnaren Magnhild Bøe var alt anna enn «urørt» da ho mottok det flotte kunstverket!
Hovudarrangør Bøfjorden Historielag uttrykkjer stor takk til alle som på kvar sitt vis har gjort denne helga til ei rein festreise.