ANNONSE FRÅ BØFJORDEN HISTORIELAG:

Coop Marked – eller Bøfjord Samvirkelag – er nærbutikk for heile Bøfjorden i dag.

"Bua vår" på museet

Publisert

Samvirkelaget i Bøfjorden feirar 75-års jubileum i helga. Etter laurdagens samling på grendahuset følgjer historielaget opp med biletkåseriet «Bua vår» på sjøbruksmuseet søndag.

Her deltek m.a. dagleg leiar for Coop Marked Bøfjord, May Iren Dønheim Hovde. Ho er forresten oppvaksen i Bøgeilen, der Samvirkelaget hadde butikken dei første åra rundt 1950.

Utanom glimt frå utviklinga av samvirkelaget blir det også tilbakeblikk på dei andre forretningane i bygda frå 1880-talet til nyare tid.

Bilete og anekdoter vil vekkje til live gamle dagars liv og røre med «bua» som sentrum. Det gjeld knutepunktet Skrøvsetvika, stua i Ora, handelen på Settem, Midtiøra og i Skrøvsetbakken, Settemsdalen, Innergarden og Peøra.

Men først og fremst altså Bøfjord Samvirkelag, som vart stifta 12. mai 1946.

Hyggeleg prat mellom dagleg leiar May Iren Dønheim Hovde (til høgre) og ein av hennar mange trufaste kundar, Randi Vetleseter Bøe.
Styrar Ole Sjøflot og ekspeditør Åsta Staknes framfor butikken i Bøgeilen rundt 1950.
Nytt butikklokale vart bygd her i Ilabukta på 1950-talet.
Powered by Labrador CMS