Fekk bursdagsgave i Attanova

sjømæling får blomsterhelsing frå Grø Løfaldli
Korpsveteranen Grø Løfaldli gav dirigentveteranen Eirik Sjømæling gode ord og blomster frå Blæst'n

90 år - ei opplevels i se sjøl, det

Det var ein overvelda Eirik Sjømæling som sa dette under hyllingskonserten han fekk i bursdagsgave frå musikkorpset Blæst'n, eit musikkorps som har røter i Rindal Skolemusikkorps som Eirik starta og dirigerte i over 20 år.

Publisert

Konserten i Attanova opna med Fanfare som Henning Sommerro skreiv til skulemusikkorpset til NM på ski i Rindal i 1979. Blæst'n gjekk så rett over i gratulasjonssong og fekk følgje av forsamlinga, som også ville hylle jubilanten.

Eirik står i forsamlinga og tek imot applaus etter gratulasjonssong
Sjømæling tok ståande imot gratulasjonssong og applaus!

Deretter følgde gamle marsjar og andre stykke frå notearkivet til Rindal Skulemusikk med lune kommentarar frå Olav Morten Tørset.

Astrid og Eirik Sjømæling
Astrid og Eirik Sjømæling

Blæsten er, utan tvil "Glade musikkanter", slik dei spela, og slageren "Hva var vel livet uten deg" frå 50-talet meinte Olav Morten kunne passe for tida for giftarmålet til Sjømæling og kona Astrid, som har vore gifte i godt over 60 år.

Sjømæling med takketale
Sjømæling takkar
luer til musikkanter og drillpiker
Flotte hauplagg!

Sjømæling hadde ei takkehelsing der han fortalte litt om tida si i Rindal med særleg vekt på skulemusikken, sjølv om stillinga hans eigentleg var sløydlærar.

skolemusikkuniform
Uniform til Rindal Skolemusikkorps

Han fekk forslag til besetning frå Olaf T. Ranum i Trondheim, både instrument og prisar. Ein klarinett kosta for eksempel 450 kroner.

I 1963 starta skolekorpset med 20 unge musikarar, det året dirigenten for Blæst'n vart fødd.

Drakt til drillpiker
Drakt til drillpiker
Drakt til drillpike
Drakt til drillpike

Det som var leitt med skulekorpset var at han mista medlemmer kvart år når dei vart ferdig med skolen. Da var det viktig å ta imot like mange nye aspirantar. Slik vart veka til Sjømæling fylt med øving med aspirantar tirsdag og onsdag, og korpsøving mandag og torsdag.

Han har også mange minne om turar til musikkstemne i lag med skolekorpset. Det var bussturar med unge musikarar som vart buss-sjuke før dei passerte kommunegrensa, og andre som vart sende heim med mjølkheisen.

Heile Blæst'n

Etter 33 år vart det slutt med Rindal Skolemusikkorps, men frå 1979 har vi hatt Blæst'n, og mange av musikarane der har spela i skolemusikkorpset.

Bildet av forsamlinga der alle som har spela i skolemusikken står
Alle som står har spela i Rindal Skolemusikkorps!
Fana til Rindal skolemusikkorps
Fana til skolemusikken har gått i mange 17.-maitog!

90-åringen hadde også gode råd til jubileumsgjestane: Fysisk aktivitet og stavgang opp i Høgåsen gir god oksygentilførsel. Det gjer det også å spele i korps! Sundt kosthald er viktig, og hæmbakakaka til Astrid!

Leif Magne spelar trombone
Leif Magne Rindalsholt måtte strekke ut hendene for å få rett tone ut frå trombonen

- De e ho så he æra færr at e e slik så e e, sa Sjømæling.

Området rundt Igltjønna hadde nok ikkje sett slik ut utan innsatsen til Sjømæling. Få har gått så mange rundar rundt Tjønna så han. Han har hatt jobben med å slå graset etter stigane. Og dei fine, kvite bjørkestammane austa Tjønna hadde truleg vore gjømt av kratt utan ryddinga hans.

Blæst'n heldt så fram konserten med Edvard Fliflet Bræin sin "Ut mot havet" som er ein liten del av eit større musikkverk Bræin skreiv til ein konkurranse i Ålesund. Det vart framført etter eit partitur reinskrive av Sjømæling.

Havbrus og bølgeskvulp fylte Attanova!

Vidare fekk vi både rumba, polka og fleire marsjar frå Blæst'n. På Beer Barrel Polka måtte Leif Magne verkeleg strekke ut armane for å få fram rette tonane frå trombonen!

bjørkestammer, tjønna, skåkleiva
Fine, kvite bjørkestammar, Igltjønna og Skåkleiva - stemningsbilde frå runde rundt Tjønna!
Fine kvitstamma bjørker
Bjørkene austa Igltjønna

Til slutt fekk vi gjenhør med Abba og "I do, I do, I do" frå 1975, ein suksess med skolemusikken, og Jahn Teigens "Optimist" frå 1989. Den siste passa veldig godt på den livsfriske 90-åringen som er av sterkt slag! Han er nest eldst av fire søsken med ei veslesøster på 84 år!

Stående applaus
Salen takka for konserten med ståande applaus og gratulerte Sjømæling med 90-årsdagen som er 31.mars.

Trollheimsporten gratulerer!

4 dirigentar
Fire dirigentar: Trond Larsen, Erik Moen, Eirik Sjømæling og Olav Morten Tørset
Utsyn over salen og scena frå bakerste benk
Powered by Labrador CMS