Liv Dalsegg tok imot Åse Snekvik Holtan og Anette Snekvik etter ei godt gjennomført bankmil.

Bankmila 2022

Publisert Sist oppdatert

For andre året på rad arrangerte Surnadal IL i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre Bankmila, med god hjelp frå frivillige og ikkje minst været, vart det skapt ei god ramme for løpeglade folk i alle aldrar.

Liv Dalsegg frå arrangemnetsgruppa fortel at dei trur det var ein god ide å legge bankmila til Laksedagane. Førre gong bankmila fant stad var i september 2021. Ho er godt nøgd med arrangementet og at så mykje folk besøkte Skei denne dagen. Dei måtte tole konkurranse frå andre løp i distriktet, blant anna kaptein Dreyers minneløp på Sunndalsøra. I år stilte det deltakarar til start i trimklassen, konkurranseklassen og eit eige løp for dei minste.

Randi Husby og Gudbjørn Moen sørga for drikke før den siste kilometeren før målgang.

Langs løypa hadde frivillige frå Surnadal hornmusikk stilt seg opp som vegvisarar og med drikkestasjonar.

Glade vinnarar frå kvinne og herreklassen. Det skal nevnast at Ann Kristin Amundsen kom i mål 1.30 foran vinnaren i herreklassen Lars Peder Solli.

Den komplette resultatlisten finner du HER.

Se bildeserie fra Bankmila under:

Frode Grønmyr passa på at deltakarane ikkje tok av for tidleg på vegen langs Røtet.
Magnill Garte og Ane Forslund stilte med saft til tørste løparar langs løypa.
Hans Ivar Svenning, eigentleg frå Sekken i Molde kommune passa på at alt gjekk godt i vegkrysset på Sylte.
Kristin Hilstad Garte delte ut medaljar til alle som deltok på Bankmila 2022.
Storm og Max Brennskag Kalkvik fekk medalje etter god innsats i løypa. Pappa Espen bak.
Jacob og Amund Todalshaug Strand var godt nøgd med løpet.
Sigrid Stangvik viste fram medaljen etter målgang.
Vera og Iver Stangvik var nøgd med å få is og medalje etter målgang.
Speaker Elin Mo hadde god kontroll på målgang, deltakarar og rundetider.
Sofie Denize Eidsli, Filip Denize Eidsli og Åse Eidsli Helgetun drøymer om at dei ein dag står øvst på pallen.
Bente Jeanette Foss deltok sist gong i mosjonsklassen, denne gongen i konkurranseklassen. Årets mål var å gjere det betre enn førre gong, noko vi trur ho gjorde.
Lars Håkon Halle, 14 år, var godt forberedt til konkurranse.
Ein blid Jørgen Brekke deltok i trimklassen og tok løypa som rein mosjon.
Mor og dotter Heidi Gravvold Sæter og Lærke Larsson var godt nøgd etter deltaking i mosjonsklassen og miniklassen.
Daniel Fiske var godt nøgd med eigen innsats under Bankmila.
Arnhild Berheim var godt nøgd sjølv om det var i det varmaste laget.
Emil Ansnes blid og nøgd etter målgang.
Per Egil Heggset og Per Iver Skrøvset var i god form etter målgang.
Lisabeth Sæterbø var ei av fem deltakarar i kvinneklassen.
Shan Halle på 15 år var godt nøgd med eigen innsats.
Lars Håkon Halle var sliten etter målgang, tungt og varmt langs løypa. Men var likevel nøgd med eigen innsats.
Oddvar Njåstad var godt nøgd med innsatsen, og tok turen som ein treningstur sjølv om motbakken til slutt blei litt tung. Han er glad for at Bankmila vart arrangert og liker å stille opp når noko slikt blir arrangert.
Elise Einum sprang like så godt med sonen Ask i vogna, som sjølvsagt fekk medalje. Kan det hende vi får sjå guten om nokre år til start under miniklassen?
Pallen kvinneklassen: Ann Kristin Amundsen kom i mål foran Lisabeth Sæterbø og Elise Einum med sonen Ask.
Sigeren i herreklassen gjekk til Lars Peder Solli foran Emil Ansnes og Hans Mellemsæther.
Powered by Labrador CMS