ANNONSE:

Vårsøg

«Vårsøg-helga»

Teatret Vårt inviterer til to flotte teaterkonsertar helga 17. og 18. oktober for å markere «Vårsøg 75 år». Lokale aktørar markerer seg også på laurdagen.

Det er gratiskonsert frå kl. 13 i foajeen på laurdag, sjølvsagt med visse smittevernrestriksjonar om avstand og kor mange som det er plass til. På konserten vil ein få høre Karstein Mauset og eit innslag frå Surnadals Hyllest til dIRE sTRAITS. Forutan desse vil både kulturskulen og Dansekompaniet stille sterkt!

Konferansier Svein Sæter vil også presentere nokre unge lokale diktarar og eit par noko eldre bygdebokskrivarar. For, passande nok, bygdebok nr. 4 (Pollen-Sogge) vil bli lansert og lagt ut til sals denne dagen. Det er berre å møte opp med på biblioteket mellom kl. 14 og 16 om du vil vere av dei første til å investere i 574 sider med lokalhistorie.

Etter konserten vil det vere muleg å sjå Ingeborg Grimsmo sin kortfilm «Kleivakongen» i kinosalen, og i Finstuå vil det bli digital utstilling av bilde som Hans Hyldbakk har tatt.

Teatret Vårt har verkeleg knalla til i samband med at det no er 75 år sia Hans Hyldbakk skreiv «Vårsøg» – med eigen teaterkonsert framført i kulturhuset laurdag kl. 20 og søndag kl. 18. Forutan song og musikk frå dei fire medverkande, vil framføringa også bli krydra med lydopptak og kleivabrev som gjer at ein opplever Hyldbakk si dikting med eit nytt og friskt blikk.

Powered by Labrador CMS