ANNONSE:

TrondheimSolistene

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

TrondheimSolistene vil også markere det komande nyåret i Surnadal kulturhus. Og denne gongen med eit fyrverkeri av ein solist!

Fredag 7. januar er dei her igjen – etter at dei måtte, av smittevernomsyn, melde avbod i fjor (eller rettare: i år).

Smittevernomsyn gjer at dette ser ut til å bli ei eksklusiv kulturoppleving for berre femti i salen. Dessverre fører dei same krava til at elevar frå dei lokale kulturskulane ikkje får delta i år. Einaste gjest på scena blir difor solist Eir Inderhaug.

Ho har hatt mange solistoppdrag i Tyskland og Sverige – i tillegg til dei heime sjølvsagt; som med «Les Misérables» ved Trøndelag Teater, «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad og «Peer Gynt» ved Gålåvatnet. Eir Inderhaug taklar både opera, musikal og operettar klokkereint, i tillegg til meir vanlege konsertar som denne. Ho er noko av det næraste ein kjem nyttårsfyrverkeri frå ei scene – og slik sett ein passande solist til konserten 7. januar!

Billettar kan kjøpast på Surnadal kulturhus si heimeside.

Om det kjem nye smittevernkrav som hindrar avvikling av konserten, vil alle billettar sjølvsagt bli refunderte. Er dei kjøpt på nett, skjer det automatisk. Og har du kjøpt over disk, vil det bli ordna ved å vende seg til kulturhuset.

Powered by Labrador CMS