ANNONSE:

Den 125 år gamle Stangvik kyrkje er arena for fellesgudstenesta pinsedag.

Høgtidstradisjon i Stangvik

Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen.

Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.

Kyrkjebåt og felleskor

Roarar kjem med kyrkjebåt som i eldre tider. Felles pinsekor gjer teneste saman med to prestar, to organistar, klokkarar, kyrkjetenar og stab elles. Vesle Vemund blir døypt, og det er nattverd i gudstenesta. Takkofferet går til eit misjonsprosjekt i Etiopia.

Gammaldags kyrkjebåtroing til pinsegudstenesta er levande tradisjon.

«Som flammende stål»

Pinsa er kalla «kyrkja sin fødselsdag» - da Den Heilage Ande kom over disippelflokken. Sjølvaste Henrik Ibsen forkynner kva dette inneber: - Velsignede morgen, da gudsrikets tunger traff jorden som flammende stål, lyder Pinsesalmen i «Peer Gynt» - samtidig som Solveig syng si tilgjeving til den svikefulle Peer og såleis markerer ei kjernesanning i all kristen tru.

Frå ei tidlegare pinsegudsteneste i Stangvik-kyrkja.

Stangvik-kyrkja 125 år

Så høver det da godt å nemne at nettopp Stangvik-kyrkja fyller 125 år no i 2022 – den tredje kyrkja i den sentrale nordmørsbygda sia 1400-talet.

Det er altså mange grunnar til å la gode tradisjonar skape pinsesamling i Stangvik denne helga – som kanskje ikkje blir markert som ei like stor høgtid andre stader.

Powered by Labrador CMS