ANNONSE:
Kurs i polsdans
Lyst til å lære Nordmørspols i todalstradisjon?
No får du igjen sjanse til å lære Nordmørspols i todalstradisjon med den entusiastiske stordansaren Rune Hanem og fylgjet hans, som tek turen frå Meisingset til Todalen for å halde kurs.
Rune brenn for å føre denne unike dansetradisjonen vidare. Sjølv lærte han polsen av dansarar frå Todalen for mange år sidan, og no ønskjer han at fleire skal få oppleve gleda ved denne kulturarven.
– Polsen har så mange gamle vendingar som ikkje finst lenger i nokon annan dans i landet, fortel Rune.
Kurset passar for folk i alle aldrar og på alle nivå. Enten du har ein «nedarva polsfot» og kjenner dansen frå før, eller du aldri har prøvd pols før, er du hjarteleg velkommen. Her er det rom for både nybyrjarar og erfarne dansarar:)
Hald av datoen!
Laurdag 24. oktober blir det dans til levande musikk med Nordmøre Spelemannslag. Meir informasjon kjem snart – men set av datoen allereie no, og bli med på ei triveleg helg fylt med musikk, dans og levande kulturtradisjonar!
Pris:
Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
Stad:
Todalen ungdomshus, Todalen
Tid:
Torsdag 17.september kl.19.00 - 21.00
Torsdag 1.oktober kl.19.00 - 21.00
Torsdag 15.oktober kl.19.00 - 21.00
Utstyr:
Dansesko eller dans på sokkelesten.
Mat:
Det blir sal av mat i pausen