to gutter ser på hverandre og spiller kornett
Johannes Mogstad og Olav Tellesbø framførte Bjelleklang på Kornett.

Kulturskulen inviterte til førjulskaffekonsert og utstilling

Måndag kveld inviterte Kulturskulen i Surnadal og Rindal til førjulskaffekonsert i foajeen på Surnadal Kulturhus, der unge talent imponerte på ulike instrument. Etter konserten opna kunstelevane utstillinga si i Finstuå, med kunst dei har laga gjennom haustsemesteret.

Publisert

Foajeen fekk besøk av mange foreldre, besteforeldre, søsken og andre musikkinteresserte da kulturskuleelevane inviterte til kaffekonsert. Det vart eit variert og bra program der publikum fekk høyre både kornett, piano, trompet, tuba, slagverk og gitar.

gutt og dame ved piano
Jonas Bruvold Fiske spelte "Foot on the floor".
jente med trompet
Maja Kristine Moe spelte både "Catwalk" på piano og musikk frå Tre Nøtter til Askepott på trompet.
gutt og dame på piano
Vincent Rygh Wilhelmsen og lærar Linda Torvik spelte "Motorola".
gutt og dame ved piano
Wilhelm Rygh Wilhelmsen framførte "Stollabout".

Konserten vart runda av med ein mektig og høgtideleg framføring av «O helga natt», av kulturskulens eigne songlærar Sigmund Aasjord. 

gutt med tuba og nisselue
Harald Lu spilte "Musevisa" på Tuba.
gutt med trompet og julegenser
Fabian Zwick spelte "Julekveldsvisa" og "Mary's Boychild".
gutt på slagverk og mann på gitar
Haakon Brøndbo og lærar Rune Dalager med "Christmas Shoes Blues".
dame ved piano og mann synger
Kulturskulens songlærar Sigmund Aasjord med ei nydeleg framføring av "O Helga Natt", akkompagnert av pianolærar Linda Torvik.
to barn med gitar
Naomi Samuel og Snorre Berg Kvendset på gitar med songen "Det Lyser i Stille Grender".
jente og dame ved piano
Emilie Bergheim spelte "Chillin on the beach" og "Glade jul".
gutt med nisselue ved piano
Harald Lu spelte "In your face".
gutt ved piano
Kristian Lu spelte "Maple leaf rag".

Etter konserten vart Finstuå opna av kunstelevane frå kulturskulen. Her kunne ein sjå eit rikt spenn av uttrykk og teknikkar, alt frå måleri og teikningar til keramikk og andre kreative arbeid som elevane har jobba med dette semesteret.

lærar og elevar i trapp
Kunstlærar Marit Lediard introduserte utstillinga til kunstelevane ved kulturskulen.
bilder
Kreative bilete av kunstelevane.
kunst på bord
julekunst på vegg
Powered by Labrador CMS