Vårkonsert med lokal stjernetrio

Dei har sett området vårt på kartet - både nasjonalt og i Europa. Laurdag 6. april kjem Erling With Aasgård, Anders Larsen og Sigrid Vetleseter Bøe med ein stemningsfull Vårkonsert til Åsskard-kyrkja!

Publisert Sist oppdatert

Frå musikkens skattkiste serverer dei perler som ein elles må reise langt for å høre. Konserten vil fryde alle sine ører.

En mann som spiller fiolin.
Både Anders og dette historiske instrumentet er fryd for musikkøret. Og bogen er frå Paris 1850!

Anders lovar oss Svendsens «Romanse» og Massenets «Meditasjon» på sin edle Testore-fiolin (bygd i Milano 1735). Berre den fela er verdt besøket! Både som solist og symfonimusikar i Trondheim har surnadalingen Anders eit nært forhold til dette klassiske stoffet.

Ei dame sminket og kledd for operascenen.
Sigrid syng like gjerne i heimekyrkja si som på operascenen. Her som Lady Macbeth på Läckö Slott i fjor sommar.

Sigrid gler seg til å koma heim og fylle kyrkja si med store tonar av Mozart, Haydn og Brahms ved sida av smågodt av yndlingen Edvard Grieg. Ho er for tida i full sving med Wagners «Parsifal» på Kungliga Operan i Stockholm.

En mann ved et kirkeorgel.
Erling så å seie «vaks opp» på dette orgelet i Åsskard kyrkje. No deler han sin kunst med heimbygda.

Erling kompar dei to andre, men lovar også orgelbrus av Mozart og Bach, blant anna den artige og folkelege «Bondefugen».

Som trio samlar Sigrid, Anders og Erling seg i lekre klangar av Richard Strauss og G. F. Handel.

Erling fortel at konserten markerer minnet om hans far, Bjarte With Aasgård, som døde i fjor. Minnegåva frå gravferda dekkjer utgiftene. - Difor er konserten heilt gratis for publikum, seier han. - Men den som vil, kan gjerne gi ein kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid i Åsskard!

Soknerådet er arrangør og håpar folk her heime kjenner si besøkelsestid. Det kan bli lenge til neste gong ein slik trio er på heimetraktene!

 ANNONSE:

Powered by Labrador CMS