8. mai:

En stor blomsterkrans med fargene i det norske flagget. Frigjøringsdag.

Frigjeringsjubileum i Åsskard, Stangvik og Todalen

80-årsdagen for frigjeringa i 1945 blir torsdag 8. mai markert ved soldatbautaene i Åsskard, Stangvik og Todalen. Soldatar frå desse tre bygdene omkom i krigen.

Publisert Sist oppdatert

Ordførar i Surnadal, Hugo Pedersen, vil halde tale og legge krans ved dei tre minnesmerka. 80-årsminnet blir også markert i kommunestyret.

Medarrangørar er initiativtakar Todalen Historielag og historielaga i Bøfjorden og Stangvik. Indre Nordmøre Forsvarsforening deltek også.

Et gammelt portrettbilde av en soldat.
Gunnar P. Bøe fall i slaget ved Gratangen 25. april 1940.

Markeringane startar ved Åsskard kyrkje, der det står bauta over Gunnar P. Bøe frå Olastua på Bølandet. Han fall i kamp mot tyskarane i Gratangen 25. april 1940. 

Et gammelt portrettbilde av en soldat,
Halvor (Hallvard) Røen vart stygt såra i Gratangen, og døde seinare på sjukehus.

Deretter er det samling ved Stangvik kyrkje. Halvor Røen frå Kvanne vart hardt såra i slaget ved Gratangen og døde på sjukehus fem dagar seinare. 

Et gammelt portrettbilde av en mann i dress.
Anton Toreson Husby var kokk av yrke og var på nøytralitetsvakt ombord i «Norge», som gjekk ned på Narvik hamn same dag som krigen braut ut.

I Todalen blir Anton Husby minna. Han var fødd der, men vaks opp på Surnadalsøra. Anton var mannskap på panserskipet «Norge» og miste livet da skipet vart torpedert på Narvik hamn 9. april 1940. Han etterlet seg kone og 3 born. 

Gammelt bilde av tre marinegaster.
Anton Husby (t.v.) saman med to andre marinegastar ombord på panserskipet «Norge».
Gammelt bilde av mange mennesker foran ei kirke.
Dei omkomne soldatane frå Gratangen vart gravlagde heime året etter. Dette biletet er frå Gunnar Bøe si gravferd ved Åsskard kyrkje i juni 1941.

Bygdefolk i dei tre sokna er særleg inviterte til 80-årsmarkeringane. Programma teiknar portrett av kvar av dei tre soldatane som døde for fedrelandet. Diktlesing, song og ungdom med flagg vil ramme inn ordførarens tale og blomsterseremoni.

ANNONSE:

Tidspunkt for arrangementa:

Åsskard kyrkje kl. 17
Stangvik kyrkje kl. 18.30
Todalen kyrkje kl. 20

Komiteen oppfordrar alle til å markere denne 8. mai med flagging!

Powered by Labrador CMS