Historielaget inviterer:
Hobbydag i Bøfjorden
Skaparevnen er stor. Kvaliteten imponerande. Søndag inviterer museet i Bøfjorden hobbyaktørar og publikum til utstilling, kaffekos og gjerne litt handel.
- Mykje fint blir laga rundt i heimane. Det pregar vår årlege hobbydag, seier historielaget, som tilbyr aktørane gratis stand på museet.
Frå sokkar til musikk
Dagen er open for alle. Tekstilprodukt, biletkunst, porselensmåling, treskjering og masse dekorasjonar blir å finne. Og tyrolerkvartetten «Bohland & Fuchs» (som er meir lokal enn namnet tilseier) vil vise at også musikk er ein fin hobby!
Julegåver?
Utstillingane er oppleving i seg sjøl. Ein kan sjå - eller kjøpe - eignating og julegåver. Hobbysamlingar av ymse slag er velkomne. Historielaget legg fram bøker med tusentals av lokale avisutklipp for tilbakeblikk.
Skotthyll – og quiz
Ungane kan boltre seg med spel og forming. Er veret bra, blir det gamle leikar som jeppe, skotthyll og kanskje «hardbust» ute.
Temaforedrag hører ikkje med på hobbydagen. Men ein premiequiz på lerretet gir litt haubrott til avveksling.
Loddsalg er det også denne museumsdagen. Og i kjøkenkroken kan det dukke opp overraskande produkt.
-
ANNONSE: