Museet i Bøfjorden:

En gruppe arbeidere står og sitter på en treplattform med bratte fjell i bakgrunnen.
Avansert transport på platting. Her bør ein vera «hausterk».

Aura-historie

Vasskraft og velferdssamfunn er stikkord for Aura-historia i Sunndalen. Far og sønn Johan og Ole Bodvar Øiestad kåserer på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Publisert Sist oppdatert

Bolken Aura I (1913-1919) står i fokus for biletforedraget. For å skaffe vasskraft frå Aursjøen bygde industriselskapet AS Aura både tunnelar, jernbane og brakker i fjellområdet.

Avansert

- Jernbanen gjekk frå kaia på Sunndalsøra og opp Litldalen til Dalaråa, seier Johan Øiestad.

- Derifrå vart jernbanevogner, lastebilar, materiell og folk drege opp fjellsida med ein avansert toppheis på to store plattingar.

Personer på en byggeplass med treplanker, sekker og stabler av murstein foran en hvit bygning.
«Toppheis – klart til start» står det bak på dette biletet.

Vidare drog lokomotiva vogner og folk innover til Holbu. Dette jernbaneanlegget var intakt til 1950-talet.

Lite damplokomotiv på snøfylte skinner med menn som står ved siden av i et vinterlandskap.
Og somtid gjekk det «på skinner»!

Krig og avbrot

Utbrotet av første verdskrigen og dårlege konjunkturar gjorde drifta av Aura I vanskeleg. Den stoppa opp i 1919. Men eit grunnlag var lagt. 

I 1940-1942 gjorde tyskerane forsøk på å fortsette, men skrinla planene.

Aluminumsverk

Etter krigen tok staten opp utbygginga (Aura II) for å skaffe strøm til industrien som vaks fram. Mykje av anlegget frå første tida vart no bruka på nytt. Som følgje av dette kom  aluminiumsverket Årdal og Sunndal (no Norsk Hydro) i gang.

«Det hvite gullet»

Saman med sønnen Ole Bodvar vil Johan Lyche Øiestad gi innblikk i og refleksjonar rundt ei revolusjonerande utvikling med bakgrunn i vasskrafta - «Det hvite gullet». Kjenner vi Øiestads rett, vil hans og sønnens kåseri by på både humor og alvor.

Men kva museets kaffekanne merka «Surendalsfjord» har med temaet å gjera, får vera ei gåte til søndags.

Mann med briller holder en mikrofon og snakker innendørs.
Imitatoren Johan Lyche Øiestad i eit humorprogram på museet i Bøfjorden i 2019.

Annonse:

Powered by Labrador CMS