Kulturvøkku 2022

"Berre fine sanger" avslutta Kulturvøkku 2022

Kulturvøkku 2022 i Rindal vart avslutta søndag kveld med kyrkjekonsert i mesta fullsett Rindal kirke til konsert med songaren Stephen Brandt-Hansen og kantor Bjørn Vevang ved orgel og flygel.

Publisert Sist oppdatert

Vi fekk ein gnistrande konsert på mesta halvannan time, mest med Brandt -Hansen, men også reine instrumentalnummer ved Vevang, som for anledninga brukte sitt eige 4-manualers elektroniske orgel. Da kunne han lett bytte instrument, og han presterte til og med å spele med ei hand på kvart av instrumenta!

Kantor Bjørn Vevang i aksjon.

Programmet varierte frå Bach til Bremnes, og vi fekk smurt øyrene våre varme med Sommerro/Hyldbakks Vårsøg på italiensk, og vi fekk delta med hallelujarøystene våre i Leonard Cohens Halleluja!

God tone, godt samspel!
Mesta fullsatt kyrkje.

Eit av høgdepunkta var da Anne, maken til Bjørn Vevang, fekk høre You raise me up som helsing på fødselsdagen sin.

Trollbinding!

Eit smilande publikum gjekk heim i sommarkvelden etter å ha applaudert framføringa til musikarane og fått både eitt og to ekstranummer!

Eit fornøgd publikum!
Turid Røen Kroknes har songe i lag med Stephen Brandt-Hansen i operaen Donna Bacalao i Kristiansund.
Stephen Brandt-Hansen og Toril Moe har songe i lag.
Bursdagsbarnet Anne Østeggen og Bjørn Vevang
Powered by Labrador CMS